Korona og influensavaksineSunnfjord kommune mottek årets influensavaksine (for risikogruppene) og den oppdaterte koronavaksina Comirnaty Omicron XBB.1.5 frå Pfizer i veke 42. Korona og influensavaksine kan takast samtidig. Ved samvaksinering settast vaksinene i kvar sin arm. FHI anbefaler følgande grupper å ta ei oppfriskingsdose:Personar i aldersgruppa 65 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar Personar i aldersgruppa 18-64 år som inngår i ei risikogruppeUngdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdomBorn 6 månadar-11 år med alvorleg grunnsjukdom dersom barnets lege vurderer dette som viktigGravide i 2. og 3. trimester Du finn meir utfyllande vaksineinformasjon på Folkehelseinstituttet sine nettsiderVaksinasjonstilbod Sunnfjord kommune: Førde: Vaksinasjon ved Førde legesenterBestill vaksinasjonstime ved Førde legesenterDersom du ikkje får bestilt time på nett, kan du send e-post til vaksinasjon@sunnfjord.kommune.no Det same gjeld om du vil avbestille timen du har fått.Vaksinasjon ved Naustdal, Sande og Jølster legekontor:Det vert sett av tid for vaksinasjon på dagtid der du får tildelt time via våre medarbeidarar.Naustdal legesenter 57 81 60 20Sande legesenter 57 71 82 40Jølster legekontor 57 72 62 50Pris:Koronavaksine-gratisInfluensavaksine ved legekontor på dagtid kr. 161,- (ved frikort kr. 100,-)Dersom du har time hos fastlege i aktuell periode kan du få influensavaksine ved denne konsultasjonen. Sist endra 04.03.2024 13.41