Årets sesongvaksinasjon i Sunnfjord kommuneSunnfjord kommune mottek årets influensavaksine for risikogruppene og den oppdaterte koronavaksina Comirnaty Omicron LP.8.1 frå Pfizer i veke 42. Vaksinene kan setjast samtidig. Kven bør ta vaksine?Alle over 65 år- influensavaksine Alle over 75 år - influensa- og koronavaksine. Vaksne og barn med kronisk sjukdom Meir informasjon finn du på Folkehelseinstituttet sine nettsider:Korona og koronavaksineInfluensa og influensavaksine Pneumokokkvaksine Nytt i år!Pneumokokkvaksina Prevenar 20 er no ein del av vaksinasjonsprogrammet. Alle fødde i 1960 får tilbod om denne til redusert pris. Andre aldersgrupper som treng pneumokokkvaksine kan bestille via eigen fastlegeVaksinasjonstilbod i Sunnfjord kommuneFørde legesenterHer kan du få korona, Prevenar20 og influensavaksine.Vaksinasjonsdagar:Måndag 20. oktober frå kl. 16:00Laurdag 25. oktober frå kl. 10:00Søndag 26. oktober frå kl. 10:00 Bestill vaksinasjonstime herDersom du ikkje får bestilt time på nett, kan du sende e-post til vaksinasjon@sunnfjord.kommune.noDet same gjeld dersom du ønsker å avbestille timen.Naustdal, Sande og Jølster legekontorHer vert det sett av tid til vaksinasjon på dag/kveldstid. Du får tildelt time av medarbeidarane ved legekontoret.Naustdal helsesenter: 57 81 60 20Vaksinasjon Naustdal helsesenter onsdag 22.10 og torsdag 23.10. klokka 16.00 - 19.30. Sande legesenter: 57 71 82 40Jølster legekontor: 57 72 62 50 PrisKoronavaksine: 110 kronerInfluensavaksine: 301 kronerPrevenar 20: 110 kronerVed samvaksinasjon (korona + Prevenar 20): 25 kroner i rabatt per vaksine. Ingen rabatt på influensavaksine FastlegeDersom du har time hos fastlegen i aktuell periode (og er risikopasient), kan du få influensavaksine ved denne konsultasjonen. Sist endra 01.10.2025 13.10