Eittåringen

Barnehagestart

Dei fleste barn i Norge begynner i barnehage kring eittårsalderen når foreldrepermisjonen er over. Dette er ein stor overgang for både liten og stor, og vi på helsestasjonen vil gjerne gje støtte og råd på vegen.

Å takle dine eigne kjensler som forelder

Mange faktorar vil påverke korleis du reagerer i situasjonar som utfordrar deg som forelder. Din eigen oppvekst er referansepunktet ditt, og ofte kan vi overta «mønster» frå våre eigne foreldre. Vi kan reagere som på impuls, utan å reflektere over kvifor. At vi alle har ulike erfaringar og forskjellige måtar å reagere på, er både naturlig og bra. Men for å vere ei god støtte for barna våre, er det viktig at vi klarar å halde hovudet kaldt og hjartet varmt, og ikkje let oss rive med. Det er ikkje like lett bestandig.

Barn, foreldre og alkohol

Mange vaksne vil kose seg med alkohol, også når dei er i lag med barna. Når vaksne drikk alkohol kan det vere vanskeleg å oppdage når det går frå triveleg til ubehageleg for barna. Barn merkar endring hos vaksne tidlegare enn vi trur. Kor mange glas trur du barnet ditt toler at du drikk?

Sjølvkjensle og sjølvtillit hos små barn

For mange foreldre er det naturleg å rose barna sine for ting dei får til: "Så flink du er!" Barn har godt av å oppleve ros og entusiasme frå vaksne når det meistrar noko. Dette gir styrka sjølvtillit. Men dei positive tilbakemeldingane må ikkje berre komme når barnet lykkast med noko. Sjølvkjensle handlar om korleis vi ser på oss sjølv, og kor mykje vi føler at vi er verdt. For å legge til rette for at barnet utviklar gode kjensler knytt til den han er, er det viktig at de kan glede dykk over å berre vere saman, utan eit bestemt «mål». Vis interesse for det barnet er opptatt av, og vis at du er glad i barnet ditt.

Språkutvikling - gode råd for å stimulere til godt talespråk:

  • Snakk med barnet om daglege hendingar
  • Bruk korte setningar
  • Snakk tydeleg og med vanleg språk
  • Gje barnet tid til å snakke ferdig - Lytt til barnet
  • Bruk bøker, eventyr, songar, rim og regler
  • Gje barnet opplevingar, og set ord på dei saman med barnet
  • Lær barnet fakta, stadnamn, namn på tre, blomar osv.
  • Leik med barnet
  • Gje barnet kjensle av å meistra. La det delta i daglege gjeremål.
  • Ha forventningar til barnet i høve nivået det er på. La det både vere stor og liten avhengig av situasjonen
  • Les for barnet (Bruk bøker, blad, aviser, fotoalbum)
  • Bruk biblioteket!

Gode matvanar

Frå eitt års alder kan barnet ditt følgje kostråda som gjeld for større barn og vaksne. Helsedirektoratet tilrår eit variert kosthald med mykje grønsaker, frukt og bær, grove kornprodukt og fisk, og avgrensa mengder behandla kjøt (t.d. pølser, kjøtdeig), raudt kjøt, salt og sukker. Vatn er ein god tørstedrikk. Barn kan no drikke vanleg kumjølk, og for å få dekka kalsiumbehovet er det fint om barnet får minst 3 daglege porsjonar med meieriprodukt. Eksempel: 1 glas mjølk, 1 skive med ost, 1 yoghurt.

Smakssansen til barnet er under utvikling. Varier mellom ulike matvarer slik at barnet lærer å like mange ulike smakar og konsistensar. Dette kan ta tid, og barnet treng gjerne smake på maten mange gongar før den blir akseptert.

Barn treng å få øve på å ete sjølve, trass i at det blir mykje søl. Og hugs at det å ete i lag med andre gir barnet verdifulle erfaringar i sosialt samspel. Unngå skjermbruk ved måltid. Foreldre kan bli uroa om barnet et lite, og det er fort å lage uheldige vanar. Unngå å presse barnet eller lure i det mat med underhaldning/leik/skjermtid. Tilby faste måltid ved bordet, tilby fleire mellommåltid, men ikkje la barnet gå til og frå og ete medan det leikar.

Tannstell

Vi tilrår tannpuss med knapt synleg mengd fluortannkrem på ein mjuk børste. Ved å tilby faste måltid, unngå sukkerhaldig mat/drikke og bruke vatn som tørstedrikk hjelper de barnet til gode vanar som er bra for tannhelsa. Alle barn blir kalla inn til tannpleiar ved 3 års alder. Dersom barnet skadar tennene gjennom uhell i leik eller anna bør de ha låg terskel for å ringe tannhelsetenesta for vurdering.

Har de eiga drikkevasskjelde/brønn er det tilrådd å kontrollere kvaliteten, samt at de kontrollerer fluorinnhaldet. Ved høgt fluorinnhald bør de vurdere bruken av fluortannkrem i lag med tannlege/tannpleiar.

Fysisk aktivitet

Regelmessig fysisk aktivitet er nødvendig for normal vekst og utvikling, og god helse hos barn og unge. Dei minste barna er naturlig aktive, men foreldre bør passe på at aktiviteten er tilstrekkelig, allsidig og kjekk for barnet. Gå turar i nærmiljøet, i skogen, utforske terreng og underlag ved ulike årstider – med vatn, snø, is, mose, røter, gras, asfalt og strand. Aktivitet i barneåra gir gode erfaringar og sunne vanar barnet tek med seg inn i vaksenlivet.

Små barn og skjermbruk

Dei fleste barn i Norge veks opp med smarttelefon, TV og andre skjermar i miljøet sitt. Barnet fangar fort interessa for det som skjer på skjermane, og venner seg til at dei vaksne har med mobiltelefonen over alt. Etter kvart blir barnet sjølv brukar av skjerm, enten i form av barne-TV-tid eller at det får sjå teiknefilmar eller nytte applikasjonar for barn på mobil. Slitne foreldre kan kjenne at det gir ei etterlengta avkopling om barnet fangar interessa for ein skjerm og sit i ro ei lita stund. Verdas helseorganisasjon (WHO) tilrår at barn under 2 år ikkje brukar skjerm i det heile. Vi på helsestasjonen ønskjer at de tenker gjennom kva reglar de vil ha for skjermbruk i heimen. Vi tilrår at skjerm ikkje blir brukt ved måltid og i senga.

Barnesjukdomar

Er feber farleg? Er utslettet smittsamt? Når skal vi oppsøke lege? Når skal barnet vere heime frå barnehagen? Er det ok å gje reseptfrie legemiddel til barn?

Barn får lettare feber enn vaksne, og dei får ofte høgare feber. Feber er eit viktig ledd i kroppen sitt forsvar mot infeksjonar. Det er eit vanleg teikn på sjukdom, men feber er ingen sjukdom i seg sjølv.

Førebygging av skader og ulukker

Foreldre kan vere er engstelege for at det skal skje noko med barnet deira.

Lagre gjerne nummeret til Giftinformasjonssentralen på telefonen din: 22 59 13 00 (døgnope).

Barn og sol

Barn har tynnare hud og mindre pigment enn vaksne, og blir difor lettare solbrende. Solbrentheit gir større risiko for hudkreft seinare i livet, og gjer det viktig å beskytte huda i sola.

Passiv røyking gir helserisiko for barn

Passiv røyking er å puste inn luft med tobakksrøyk. Barn som blir utsette for passiv røyking er meir utsette for både kortvarige og langvarige helseplager. Dei har større risiko for krybbedød, astma, luftvegsinfeksjonar og øyrebetennelse.