6 veker til 6 månader

Unntaksåret – det første året som foreldre 

Det å få barn er kanskje ei av dei største omveltingane ein kan erfare i livet. Det kan kjennest både fantastisk og ufantastisk, gjevande og krevande. I denne filmen deler nokre foreldre sine erfaringar med å få barn. 

Barnevaksinasjonsprogrammet

Sjå oversikt over vaksinene som er tilrådd for barn i Norge, samt filmar om korleis vaksinasjon føregår på helsestasjonen, kva de bør vite på førehand og eventuelle biverknader som kan komme.

Amming, flaskemating og D-vitaminbehov

Helsenorge.no har saml alt du treng å vite om spedbarnsmat og amming. Her er spørsmål, svar og videoar om blant anna amming, morsmjølkerstatning, vitamintilskot, såre brystknoppar og gulping. Der finn du også lenker til andre nyttige sider med råd for foreldre og spedbarn.

Barn som blir amma bør få tilskot av D-vitamin i form av dropar eller spray. Barn som er ernærte med morsmjølkerstatning treng ikkje tilskot. Tran er ikkje tilrådd før barnet er 12 månader. Meir info om dette i lenka over.

Ikkje gje honning til barn under 1 år.

Barselgrupper

Vi tilbyr barselgrupper for dei som ønskjer det, og gruppene er knytt til kvar avdeling (Sande, Naustdal, Førde, Vassenden, Skei). Målet er at foreldre skal få utvida nettverket sitt og treffe andre foreldre med barn på om lag same alder. Vi ser at dette har ein stor verdi for mange. Ta kontakt om du ønskjer delta i barselgruppe. Dei første treffa blir arrangerte av helsesjukepleiar, før gruppa tek ansvaret for vidare avtalar gjennom chattegruppe eller liknande.

Motorisk utvikling hos spedbarn

Kvart barn er heilt unikt, og tidspunkt for milepælar ved den motoriske utviklinga vil variere. Barnet treng ro, tid og sjansen til å øve masse. Dette kan for eksempel vere ved å ligge på fanget ditt, på ei leikematte eller på stellebordet. La barnet ligge nokre minutt på magen kvar gong det er vakent og opplagt. Mange foreldre er usikre på kva dei kan forvente og korleis ein legg til rette for god utvikling.

Barn bør ikkje sitte på golvet før det greier å sette seg opp sjølv. Å sitte på fang med god støtte er ok.

Sjå film om motoriske utvikling frå 0-15 månader

Søvn, døgnrytme, rutinar

Dei første tre månadane styrer barnet i stor grad sjølv når det treng å sove, og det kan trenge mykje støtte til søvnen sin. Etter om lag 3 månader startar kroppen å produsere hormonet melatonin som regulerer trøyttheitskjensla. Då kan ein begynne å venne barnet til at det er forskjell mellom natt og dag, og lage kveldsrutinar. På dagtid ser ein gjerne eit mønster i søvn og våkenheit i form av kor lenge barnet er opplagt før det treng sove. Dette kan hjelpe dykk til å etablere passande rutinar for dagsøvn. Prøv å kvile når barnet ditt gjer det.

Førebygging av skader og ulukker

Grunnleggande førstehjelp for barn

Sjukdom hos spedbarn

Mange foreldre lurer på når dei skal kontakte lege. Vurdering av allmenntilstanden vil vere avgjerande. Endra allmenntilstand vil seie at barnet er annleis enn det brukar å vere, for eksempel trøyttare/slappare enn vanleg, et og drikk mindre enn det pleier, tørre bleier, er sutrete eller utilpass på anna vis. Ein skal ha lågare terskel for å kontakte lege når det gjeld spedbarn samanlikna med større barn og vaksne. Er barnet tydeleg slapt eller smertepåverka utan klar årsak bør de kontakte lege, uavhengig av om det har feber. 

Forstå barnet si utvikling

Barnet er avhengig av deg for å kjenne seg trygg og utvikle seg. Dei yngste barna uttrykker ønske og behov for kontakt på ulike måtar - i takt med si eiga utvikling. Barnet ditt treng at du prøvar å tolke signala og at "svarer" på ein god måte. Ved å lære meir om kor barnet ditt er i utviklinga si, vil du kunne stimulere og møte barnet der det treng deg akkurat no.