6 til 12 månader

Ei verd av smakar - Tilvenning til fast føde

I denne alderen skal barnet venne seg til mange ulike typar matvarer, konsistensar og smakar. Som ved andre utviklingsområde er det store variasjonar når det gjeld kva barnet er klar for, og kor lang tid ein brukar på å venne barnet til å ete variert mat. Dette vil vi snakke om på helsestasjonen, og vi gir gjerne tilpassa råd om de ønskjer det. 

Vatn som tørsedrikk er ein gode vane frå barnet startar med fast føde. Barn under seks månadar som får vatn frå springen, må få kokt vatn. Barn over seks månadar kan drikke vatn rett frå springen viss vatnet følgjer krava for drikkevatn. Har de eiga drikkevasskjelde/brønn er det tilrådd å kontrollere kvaliteten på vatnet, og eventuelt koke vatnet.

Søvn - sove heile natta?

Når barnet er i gang med fast føde er det ikkje lenger nødvendig med mjølk om natta. Vi tilrår å gå over til vatn dersom barnet er tørst om natta. Barnet treng di hjelp til å lære å finne søvnen sjølv, både når det skal sove og når det vaknar om natta. Dette krev gjerne at begge foreldra har litt overskot, er motiverte for oppgåva og er einige om korleis ein skal gå fram. Det finst ingen enkel plan som fungerer for alle. Vi kan gje støtte på vegen og snakke saman om kva som kan vere vegen å gå for dykk.

Forstå barnet si utvikling

Barnet er avhengig av deg for å kjenne seg trygg og utvikle seg. Dei yngste barna uttrykker ønske og behov for kontakt på ulike måtar - i takt med si eiga utvikling. Barnet ditt treng at du prøvar å tolke signala og at "svarer" på ein god måte. Ved å lære meir om kor barnet ditt er i utviklinga si, vil du kunne stimulere og møte barnet der det treng deg akkurat no.

Tannstell

Dei første tennene kjem vanlegvis i denne alderen. Vi tilrår tannpuss frå første tann dukkar opp, med knapt synleg mengd fluortannkrem på ein mjuk børste. Ved å tilby faste måltid, unngå sukkerhaldig mat/drikke og bruke vatn som tørstedrikk hjelper de barnet til gode vanar som er bra for tannhelsa.

Førebygging av skader og ulukker

Grunnleggande førstehjelp for barn

Sjukdom hos spedbarn

Mange foreldre lurer på når dei skal kontakte lege. Vurdering av allmenntilstanden vil vere avgjerande. Endra allmenntilstand vil seie at barnet er annleis enn det brukar å vere, for eksempel slappare enn vanleg, et og drikk mindre enn det pleier, er sutrete eller utilpass på anna vis. Ein skal ha lågare terskel for å kontakte lege når det gjeld spedbarn samanlikna med større barn og vaksne. Har barnet feber eller utslett, men allmenntilstanden er god, kan de som regel vente og sjå. Er barnet tydeleg slapt eller smertepåverka utan klar årsak bør de kontakte lege, uavhengig av om det har feber.

Barn og sol

Barn har tynnare hud og mindre pigment enn vaksne, og blir difor lettare solbrende. Solbrentheit gir større risiko for hudkreft seinare i livet, og gjer det viktig å beskytte huda i sola.

Barn, foreldre og alkohol

Mange vaksne vil kose seg med alkohol, også når dei er i lag med barna. Når vaksne drikk alkohol kan det vere vanskeleg å oppdage når det går frå triveleg til ubehageleg for barna. Barn merkar endring hos vaksne tidlegare enn vi trur. Kor mange glas trur du barnet ditt toler at du drikk?