Home-Start Sunnfjord

Jente og dame som smiler - Klikk for stort bilete Home Start Charlotte Sverdrup

Kvardagen med små barn er gode, men travle. Av og til kan utfordringane bli litt for store. Det kan handle  om einsemd, manglande nettverk, sjukdom, funksjonshemming, fleirfødsel med meir. Ein liten skilnad kan derimot gjere at vi meistrar kvardagen betre. Home-Start Sunnfjord kan vere ein slik skilnad!

Home-Start Sunnfjord  tilbyr hjelp og støtte til familiar som ønsker det, og som har minst eitt barn under skulealder. Hjelpa blir ytt av frivillige familiekontakter som kjem heim til familien ein gang i veka, 2–4 timar kvar gang,  i ein periode på om lag 6 månader.

Arbeidet blir leia av ein koordinator.

Du kan stole på familiekontakten

  • Alle som ønsker å bli familiekontakt må ta del på førebuingskurs. Kurset strekker seg over 20 timar (6 samlingar)
  • Familiekontakten har teieplikt
  • Familiekontakten leverer politiattest

Kva familiar kan få hjelp

  • Familiar med minst eitt barn under skulealder
  • Familiar som sjølv ønsker det
  • Familiar som opplever ulike utfordringar i kvardagen

Home-Start vart etablert i England, men er i dag ei internasjonal rørsle. Home-Start har avdelingar fleire stader i landet, og tilbodet vart etablert i Førde i 2017. Dei først åra hadde  Førde kyrkje/Sunnfjord kyrkja driftsansvar for Home-Start, men frå 2021 er det Sunnfjord kommune som har ansvar for drifta. Kyrkja og Helse Førde/BUP er samarbeidspartar.

Heimeside Home-Start

Facebookside Home-Start Sunnfjord

Ønsker du hjelp og støtte frå Home-Start Sunnfjord? Ønsker du å bli familiekontakt?

Ta kontakt med koordinator!

Koordinator Home-Start Sunnfjord:

Randi Storhaug

randi.storhaug@sunnfjord.kommune.no

Telefon 48 23 69 62

Eldre dame og barn leser i bok - Klikk for stort bilete Home Start Charlotte Sverdrup