Helsestasjon for ungdom, studentar og unge vaksne opp til 25 årTilbodet er for ungdom, studentar og unge vaksne opp til 25 år.Opningstider Sunnfjord helsestasjon: Tysdagar 14.00–17.30, Sunnfjord rådhus, tredje etasje. Inngangsdøra er på austsida av rådhuset, og er open etter ordinær opningstid på rådhusetKva kan du få hjelp til?Helsestasjon for ungdom og studentar er eit gratis DROP-IN -tilbod til deg mellom 12 og 25 år. Tester for seksuelt overførbare sjukdomar (kjønnssjukdomar) eller graviditet.Gynekologiske undersøkingar.Rettleiing i bruk av prevensjon (p-piller, spiral og annan prevensjon) og uønska graviditet. Rådgivning ved til dømes spiseforstyrringar, problem heime eller rusproblem.Om du ønskjer å få innlagt p-stav eller spiral, så bør du bestille time på telefon 57 72 21 30Samtale om kjønnsidentitet og seksuell orientering SjølvtestingVelkommen til SJØLVTESTING på Helsestasjon i Førde. Frå 1 mars kan alle som ynskjer sjølvtesting for klamydia og gonorè møte tysdagar frå kl 09.00 til kl 17.30. De ordnar alt sjølv, ingen aldergrense. Kven møter du?Du møter både helsesjukepleiar (tidlegare helsesøster), jordmor og lege. Du får råd og rettleiing av fagpersonane som er på helsestasjonen eller dei kan vise deg vidare til fastlege eller spesialist ved behov. Alle fagpersonane du møter på helsestasjonen har teieplikt. StudentarDersom du er student over 25 år, så er du også sjølvsagt velkommen til å nytte tilbodet.Nyttige nettstadarSex og samfunnUng.noFølg helsestasjon for ungdom i Sunnfjord kommune på Facebook Publisert 14.08.2020 15.22