Har du eit særleg tyngande omsorgsarbeid, kan du søke om omsorgsstønad. Stønaden skal gi ein viss økonomisk kompensasjon for det private omsorgarbeidet du utfører. Kommunen avgjer om du får omsorgsstønad, og kva nivå stønaden skal ligge på.
Kva får du?
- Eit fast beløp kvar månad som ei godtgjersle for nokon av timane du brukar på pleie- og omsorgsarbeid i heimen.
- Arbeidsavtale med opplysningar om tal timar, timelønn og andre vilkår.
Krav til søkar
- Den hjelpetrengande må bu heime.
- Omsorgsarbeidet må vurderast som særleg tyngande og gjelde nødvendige oppgåver.
- Det må vere søkt om hjelpestønad frå NAV.
- For barn må omsorga klart overstige vanleg omsorg for barn på same alder.
- Den hjelpetrengande må støtte omsorgsgjevar sin søknad om omsorgsstønad.
- Det er ein føresetnad at søkar utfører omsorgsarbeid som elles ville høyre inn under helse- eller omsorgstenesta i kommunen.
Slik søker du
Du brukar felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om omsorgsstønad:
Søk om helse- og omsorgstenester elektronisk
Søk om omsorgsstønad papirskjema
Send søknad til:
Sunnfjord kommune
Tildelingseininga
Postboks 338
6802 Førde
Har du spørsmål, ta kontakt med
- Tildelingseininga på telefon 57 72 20 00 kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00.
Kan du klage på vedtaket?
Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande kan klage på vedtaket. Klagefristen er fire veker frå du fekk brevet. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen som siste klageinstans.
Tenestestandard og lover
Sist endra 25.04.2023 12.46