Demensomsorg i Sunnfjord kommune

Demensteamet er eit lågterskeltilbod retta mot personar med demens eller ved mistanke om demensutvikling. Ta tidleg kontakt med oss om du er bekymra for deg sjølv eller nokon nær deg. Vi kan hjelpe!

Demensteamet sitt arbeid

Demensteamet deltek i kartlegging ved mistanke om demens, i samarbeid med fastlege og andre som yter hjelp. Vi jobbar for betre systematisk oppfølging til personar med demens og deira pårørande. Tilrettelegging og tryggleik i heimen er ein del av dette kartleggingsarbeidet.  
Demensteamet arbeider for å gje meir kunnskap om demenssjukdommar og å betre kvaliteten på samværet med personar med demens. Målet er å skape ein trygg og føreseieleg kvardag, både for demensråka og pårørande. 
 

Kva kan Demensteamet hjelpe deg med?

  • Råd og rettleiing ved mistanke om demenssjukdom/kognitiv svikt.
  • Delta i utredning i samarbeid med fastlegen.
  • Kartlegge funksjon, ressursar, utfordringar og behov for teneste.
  • Informasjon og støttesamtale etter demensdiagnose er stilt.
  • Informasjon om lover og rettar.
  • Informasjon om kommunen sine tenester.
  • Etablere kontakt og samarbeid med hjelpeapparatet .
  • Arrangere pårørandeskule og samtalegrupper.

Kontaktinformasjon

Demensteama er tilgjengelege på telefon måndag til fredag klokka 08.00–15.00.

Du kan også ringe sentralbordet i Sunnfjord kommune  57 72 20 00 og be om å få snakke med tildelingseininga.

Tiltakspakke demens

Tiltakspakke demens skal sikre at personar med demens og deira pårørande får systematisk oppfølging etter diagnosen. Tenesta inneber at personen med demens får tildelt ein primærkontakt som kjem på faste heimebesøk for samtale med den demensråka og pårørande. Dette er ei teneste som må søkjast på, både demensteam, heimetenesta og fastlege kan hjelpe med søknaden.

Teknologiske hjelpemiddel

Som ein del av kartlegginga vil vi vurdere om teknologiske hjelpemiddel er aktuelt for deg. Elektroniske medisindispensarar, GPS og ulike typar alarmar er noko av det som kan vere aktuelt. 

Dagtilbod for heimebuande personar med demens

Sunnfjord kommune har tilbod om tilpassa dagtilbod til heimebuande personar med demens. 

Demensomsorg på institusjon: Skjerma einingar

Kommunen ynskjer at alle skal få bu heime så lenge det er fagleg forsvarleg. Om det er behov for opphald på institusjon har vi tilbod på Sande omsorgssenter, Skei omsorgssenter, Naustdal omsorgssenter og Førde omsorgssenter. Institusjonsplassane har eigne avdelingar som er tilrettelagde for personar med demens. Ein søker på standard søknadsskjema. a. 

Slik søker du 

Bruk felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om tilboda innan demensomsorg. 

  • I søknaden skriv du kva du treng hjelp til.
  • Dersom nokon hjelper deg å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt og sende med søknaden. 

Søk om helse- og omsorgstenester elektronisk

Søk om helse- og omsorgstenester papirskjema

Send søknaden til:
Sunnfjord kommune
Tildelingseininga
Postboks 338
6802 Førde 

Nyttige nettsider om demens