Demensomsorg i Sunnfjord kommune

Demensteamet er eit lågterskeltilbod retta mot personar med demens eller mistanke om demensutvikling. Ta tidleg kontakt med oss om du er bekymra for deg sjølv eller nokon nær deg. Vi kan hjelpe!

Demensteamet sitt arbeid

Demensteamet arbeider for å gi meir kunnskap om demenssjukdommar og å betre kvaliteten på samveret med personar som er råka av demens. Målet er å skape ein trygg og føreseieleg kvardag, både for demensråka og deira pårørande. 

Vi kartlegg personar med demens eller mistanke om demens, i samarbeid med andre som yter hjelp. Tilrettelegging og tryggleik i heimen er ein del av dette kartleggingsarbeidet. 

Kva kan du få hjelp til?

  • å få kunnskap om rettane dine
  • etablere kontakt og samarbeid med hjelpeapparatet 
  • få råd og rettleiing i dagleglivet for deg og dine pårørande
  • delta på pårørandeskule og i samtalegrupper

Korleis etablere kontakt?

Demensteama er tilgjengelege på telefon måndag til fredag mellom kl 08.00 og 15.00.

Du kan og ringe sentralbordet til kommunen på 57 72 20 00 og be om å få snakke med tildelingseininga.

Tiltakspakke demens

Tiltakspakke demens skal sikre at personar med demens og deira pårørande får systematisk oppfølging etter diagnosen. Tenesta inneber at personen med demens får tildelt ein primærkontakt som kjem på faste heimebesøk, for samtale med den demensråka og pårørande. Dette er ei teneste du må søke på, både demensteam, heimetenesta og fastlege kan hjelpe deg og søke.

Teknologiske hjelpemiddel

Som ein del av kartlegginga vil vi vurdere om teknologiske hjelpemiddel er aktuelt for deg. Elektroniske medisindispensarar, GPS og ulike typar alarmar er noko av det som kan vere aktuelt. 

Dagtilbod for heimebuande personar med demens

Sunnfjord kommune har tilbod om tilpassa dagtilbod til heimebuande personar med demens. 

Demensomsorg på institusjon: Skjerma einingar

Kommunen ønsker at du skal få bu heime så lenge det er fagleg forsvarleg. Om det er behov for opphald på institusjon har vi tilbod på Sande omsorgssenter, Skei omsorgssenter, Naustdal omsorgssenter og Førde omsorgssenter. Institusjonsplassane er tilpassa personar med demens. Du søker på standard søknadsskjema. 

Slik søker du 

Bruk felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om tilboda innan demensomsorg. 

  • I søknaden skriv du kva du treng hjelp til.
  • Dersom nokon hjelper deg å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt og sende med søknaden. 

Søk om helse- og omsorgstenester elektronisk

Søk om helse- og omsorgstenester papirskjema

Send søknaden til:
Sunnfjord kommune
Tildelingseininga
Postboks 338
6802 Førde 

Nyttige nettsider om demens