Sunnfjord kommune

Heimesjukepleie

Heimesjukepleie

Heimesjukepleien gir hjelp og rettleiing til eldre, sjuke eller personar med funksjonsnedsetting som bur heime.   

Kven kan få tilbodet?

Alle som bur, eller mellombels oppheld seg i kommunen, og som på grunn av helsesvikt har behov for helsehjelp, kan få vedtak om heimesjukepleie. 

Heimesjukepleie er behovsprøvd og tidavgrensa. 

Kva kan du få hjelp til?

  • Hjelp med medisinar og medisinske prosedyrar.
  • Ivareta personleg hygiene.
  • Sårstell, urinprøver, blodprøver, injeksjonar eller andre tenester som ikkje kan utførast på ditt lokale legesenter. 
  • Rettleiing i helsespørsmål (til dømes: kreftomsorg, lindrande behandling, demensomsorg, rehabilitering, diabetes)
  • Tilrettelegging av måltidssituasjonen.
  • Rettleiing og opplæring slik at du kan meistre oppgåver på eiga hand (til dømes: velferdsteknologiske løysingar, fylle dosett, augedropar, injeksjonar, støttestrømper, tømme og skifte kateterpose og stomi).

Slik søker du

Du brukar felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om heimesjukepleie: 

Søk om heimesjukepleie (PDF, 600 kB)

 
Send søknad til:

Sunnfjord kommune
Tildelingseininga
Postboks 338
6802 Førde 

Kva kostar det?

  • Heimesjukepleie er gratis. 
  • Dersom du får heimesjukepleie kan du etter tre månader ha rett på gratis tannhelseteneste. 

Korleis blir søknaden behandla og kor lang tid tek det?

  • Det er tildelingseininga som behandlar søknaden din. Dei tek kontakt med deg for å avtale eit heimebesøk, der dei kartlegg ditt hjelpebehov.  
  • Dei behandlar søknaden og du vil få tilsendt eit vedtak. Dersom søknaden ikkje kan avgjerast innan ein månad, får du ei skriftleg melding om årsaka. 

Har du spørsmål, ta kontakt med

Ring tildelingseininga på telefon 57 72 20 00 kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00 om spørsmåla gjeld søknaden. 

Ring den lokale heimetenesta om du har andre spørsmål:

  • Førde heimeteneste: 57 02 12 70 
  • Naustdal heimeteneste: 957 34 751 
  • Sande heimeteneste: 970 54 102
  • Vassenden heimeteneste: 992 02 694
  • Skei heimeteneste: 992 02 690

Kan du klage på vedtaket?

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på fire veker frå du fekk brevet. Grunngi kvifor du klagar. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen som siste klageinstans. 

Tenestestandard og lover

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
E-post
Telefon 57 72 20 00