Individuell plan

Om du har behov for fleire helse- og omsorgstenester over lengre tid, har du rett til å få utarbeida ein individuell plan (IP). Planen skal sikre koordinering og målretting av tenestene og tiltaka dine. 

Kven kan få tilbodet?

Personar som har behov for langvarige og koordinerte tenester som varer meir enn to år. Teneste gjeld for alle aldersgrupper. 

Kva er ein individuell plan?

Individuell plan (IP) er eit planleggingsdokument som hjelper deg å sette personlege mål. Planen skal seie noko om korleis du kan oppnå desse måla. Du og dine pårørane deltek aktivt i å lage den. Planen skal gi oversikt over kva du sjølv er ansvarleg for og kva det offentlege hjelpeapparatet er ansvarleg for. Det blir berre laga ein individuell plan dersom du sjølv ønsker det. 

Kommunen har hovudansvaret for å lage ein individuell plan om du har tenester frå både kommunen og spesialisthelsetenesta. 

Retten til individuell plan finn du i pasient- og brukarrettslova.  

Les meir om føremålet med individuell plan på helsedirektoratet sine nettsider

Slik søker du

Du brukar felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om individuell plan:

Søk om helse- og omsorgstenester elektronisk

Søk om helse- og omsorgstenester papirskjema

Send søknad til:

Sunnfjord kommune
Tildelingseininga
Postboks 338
6802 Førde 

Korleis blir søknaden behandla og kor lang tid tek det?

  • Når du søker om helse- og omsogstenester er det tildelingseininga som behandlar søknaden. Vi tek kontakt med deg for å få kartlagt dine hjelpebehov. Deretter skriv vi eit vedtak.
  • Vi behandlar søknaden så raskt som mogleg. Dersom søknaden ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. 

Koordinator

Du kan få oppnemnt ein koordinator. Koordinatoren skal sikre at du får nødvendig oppfølging og samordne tenestene, samt arrangere koordineringsmøte/ansvarsgruppemøte. Koordinatoren skal også sikre framdrift i arbeidet med ein individuell plan dersom du ønsker det. 

Kva kostar det?

Det er ingen eigenbetaling for individuell plan. 

Har du spørsmål, ta kontakt med

  • Tildelingseininga på telefon 57 72 20 00, kvardager mellom klokka 09.00–15.00.

Kan du klage på vedtaket?

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på fire veker frå du fekk brevet. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Les meir om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester (legge til lenke til samleside for klageinformasjon). 

Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen som siste klageinstans.  

Tenestestandard, lover og forskrift