Fysioterapi

Vi har kommunalt tilsette fysioterapeutar og avtalefysioterapeutar på institutt. Dei ilsette fysioterapeutane held til på fire ulike stader i kommunen, og som hovudregel tek du kontakt med den staden som er nærast der du bur. 

I Førde må dei som kan gå til institutt for oppfølging av avtalefysioterapeut, gjere dette. I dei andre områda er der ikkje avtalefysioterapeutar, så der kan du velge om du vil ta kontakt med dei kommunalt tilsette fysioterapeutane i nærområdet ditt, eller om du vil kontakte ein av avtalefysioterapeutane i Førde. Det er ikkje skilnad i pris på oppfølginga hos avtalefysioterapeut og hos kommunalt tilsett fysioterapeut.

Du kan sjølv ta direkte kontakt med fysioterapeut, det er ikkje nødvendig med tilvising frå lege. Det vert likevel tilrådd at du har god dialog med fastlegen din, om kva tiltak du kan ha behov for.

Korleis får vi tilbodet?

Du kan ta kontakt med oss på telefon.  Vi har venteliste, og du blir kontakta av oss ved oppstart.

Kva tenestetilbod har vi?

  • Kartlegging og individuell oppfølging
  • Habilitering og rehabilitering
  • Gruppetilbod 
  • Psykomotorisk fysioterapi
  • Lymfødembehandling
  • Hjelpemiddeloppfølging

Kontaktinformasjon: 

Fysioterapeutane held til på ulike stader i Sunnfjord kommune, sjå detaljar under.

Dersom du treng oppfølging av fysioterapeut, må du ta kontakt med det kontoret som ligg nærast bustaden din. Dersom du bur i Førde og kan kome til eitt av institutta for oppfølging, må du ta kontakt dit.

​​​​Kva kostar det?

Du må betale eigenandel for oppfølging av fysioterapeut, i tråd med gjeldande lovverk og satsar: lenke til.

Barn og unge under 16 år er fritekne frå å betale eigenandel. Dette gjeld og for personar med dokumentert yrkesskade, der oppfølging gjeld yrkesskaden.

Betaling av eigenandel vert avgrensa av eigenandelstaket. For 2025 er frikortgrensa 3278 kr. 

Viktig! Dersom du ikkje kan møte til avtalt time hos fysioterapeut, må du gje melding om dette seinast 24 timar før avtalen. Dersom du ikkje møter til oppsett time, og ikkje har gjeve beskjed innan fristen om at du ikkje kan komme, lyt du betale for timen. Betaling for manglande oppmøte gjeld også dersom du har frikort.

Kan du klage på tilbodet?

Du kan klage på alle helse- og omsorgstenester. Les meir om korleis du kan klage på helse. og omsorgstenester (legg inn lenke her til ei standardside for klage). 

Ta kontakt med servicetorget om du treng hjelp til å klage. Klage kan du sende til Sunnfjord kommune, postboks 338, 6802 Førde.