Vaksenopplæring for personar med nedsett funksjonsevneVaksne som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne, har rett til spesialundervisning.Tilbod om vaksenopplæring gjennom aktivitetseiningaPersonar med nedsett funksjonsevne skal ha eit fullverdig og anstendig liv under forhold som sikrar verdighet, fremmer sjølvstende og bidrar til aktiv deltaking i samfunnet.Tiltaka skal ha som mål at personar med nedsett funksjonsevne blir inkludert i samfunnet i størst muleg grad.Vedkomande har rett på særskild omsorg og hjelp som står i rimeleg forhold til tilstand og situasjon.Undervisninga skal vere inkluderande og tilpassa den enkelte sitt behov.Det skal settast inn eigna tiltak for å førebyggje og avskaffe alle former for diskriminering.Vaksne med utviklingshemning som treng opplæring for å kunne uttrykke seg munnleg, skriftleg eller å kunne lese, skrive, regne og å bruke digitale verktøy, har rett til slik opplæring.Rett til opplæring i grunnleggande ferdigheiterOpplæringslova gir vaksne rett til opplæring i grunnleggande ferdigheter:ADL-trening (opplæring i daglege gjeremål)Grunnleggjande kommunikasjonskunnskapGrunnleggande lese- og skrivekunnskapMotorisk trening o.l.Vaksne som ikkje har rett til vidaregåande skule, har rett til vaksenopplæring i dei grunnleggande ferdigheitene.Retten til spesialundervisning gjeld også for vaksenopplæring.Har du spørsmål, ta kontakt medAnne Grete Frøyset telefon: 90 23 16 65 e-post: anne.grete.froyset@sunnfjord.kommune.no Monica Stubseidtelefon: 90 13 51 80 e-post: monica.stubseid@sunnfjord.kommune.no Sist endra 21.03.2024 13.10