Dagtilbod til vaksne (18-67 år) med nedsett funksjonsevne

Vi tilbyr eit dagtilbod for deg som er over 18 år og som av ulike årsaker ikkje kan delta i vanleg arbeidsliv. Tilbodet blir tilpassa dine interesser, ressursar og behov for å få ein meiningsfull kvardag.

Kva kan vi tilby?

  • Aktivitetseininga har både gruppetilbod og ein til ein -tilbod, tilpassa ditt behov for oppfølging. Alle har sin eigen vekeplan.  
  • Aktuelle arbeidsoppgåver kan vere produksjon av varer til butikken vår, kantinearbeid, stell og vedlikehald av grøntareal og fysisk aktivitet. 
  • Vi har dagtilbod måndag til fredag i tidsrommet 09.00–14.30. Vi har 4 veker feriestengt om sommaren. 

Kven kan få tilbodet?

Personar med psykisk utviklinghemming og menneske med psykiske utfordringar, og som av ulike årsaker ikkje kan delta i vanleg arbeidsliv. 

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis. 

Slik søker du

Du brukar felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om dagtilbod. 

Søk om helse- og omsorgstenester elektronisk

Søk om dagtilbod papirskjema (PDF, 224 kB)

Korleis blir søknaden behandla og kor lang tid tek det?

  • Når du søker om helse- og omsorgstenester er det tildelingseininga som behandlar søknaden. 
  • Vi behandlar søknaden så raskt som mogleg. Dersom søknaden ikkje kan avgjerast innan ein månad, sender vi ei skriftleg melding om grunnen til det. 

Har du spørsmål, ta kontakt med

Kan du klage på vedtaket frå kommunen?

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på fire veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. 

Tenestestandard og lover