Bli støttekontaktSom støttekontakt får du lønn av kommunen for å hjelpe eit anna menneske til å få eit meir sosialt liv og ei aktiv fritid. Behov for støtte- og treningskontakt Det er mange i Sunnfjord kommune som treng støtte- eller treningskontakt. Nokon treng hjelp i ein overgangsfase, medan andre har større behov. Dette kan vere personar som har vanskar med å kome seg ut på eiga hand, eller som på grunn av alder, funksjonshemming eller sosiale problem har behov for ei tilrettelagt fritid. Krav til søkar vere over 16 år ha politiattest og skrive under på teiepliktskjema Du bør vere sosialt engasjert, ha evne til å finne på aktivitetar og finne glede i å hjelpe andre menneske. For å skape stabilitet for personen du skal hjelpe, bør du kunne binde deg over ein lengre periode. Slik søker du Søk om å bli støtte- eller treningskontakt Kva skjer vidare? Vi tek kontakt med deg for eit lite intervju. Har du spørsmål, ta kontakt med Vil du snakke med støttekontakttenesta før du søker, ring Andrea Hegrenes 90 81 16 67, eller tenestetorget på 57 72 20 00. Du kan også sende ein e-post til: stotteogtreningskontakt@sunnfjord.kommune.no Sist endra 29.01.2025 11.02