Fosterheim og familieheimOm du vil bli fosterforelder Fosterheim er ein privat heim som tek vare på eit barn eller ein ungdom som for ein periode ikkje kan bu hos foreldra sine. Fosterforeldra har det daglege omsorgansvaret. Om du kjenner eit barn som treng ein fosterheim og som du ønsker å vere fosterforelder for, kan du ta kontakt med den kommunen som barnet bur i. Les meir om fosterheim og korleis bli fosterforeldre. Kva er fosterheim, famileheim, beredskapsheim og besøksheim? Krav til fosterforeldre Fosterforeldre skal samarbeide med barneverntenesta og barnet sin famile. Det er nødvendig med god vandel og alminneleg god økonomi. De må ha tid og overskot til å gi barnet ein trygg og god heim. Les meir om kven som kan bli fosterforeldre. Når du er fosterforelder Du får opplæring i det å vere fosterforelder. Før eit barn flytter inn hos deg, møter du barnet og familien. Så lenge barnet bur hos deg får du oppfølging, råd og rettleiing. Fosterforeldre får ei økonomisk godtgjersle. Kontakt fosterheimtenesta Telefon: 46 61 90 00 E-post: fosterheimstenesta.sogn-fjordane@bufetat.no Sist endra 01.02.2023 14.09