Slik melder du ifrå til barnevernstenesta
Du kan ringe, møte opp eller sende brev til barnevernstenesta.
- Telefon: 57 72 21 30 i abeidstida kl. 08.00–15.00.
- Personleg oppmøte: Hafstadvegen 42, Førde rådhus, 3. etasje.
- Post: Sunnfjord kommune v/barnevernstenesta, postboks 338, 6802 Førde
Her sender du bekymringsmeldinga
Du kan vere anonym
Du kan velje å vere anonym. Barneverntenesta ønsker likevel helst at du seier kven du er, fordi det gir saka større truverde.
Meldeplikt
Offentleg tilsette har plikt til å gi opplysningar til barnevernstenesta når det er grunn til å tru at eit barn blir utsett for mishandling, andre former for alvorleg omsorgssvikt eller når eit barn har vedvarande alvorlege adferdsvanskar.
Les meir om meldeplikt her
Kva skjer vidare?
Meldinga blir gjennomgått innan ei veke. Akuttsaker blir avgjort straks. Innan vekesfristen skal barnevernstenesta starte ei undersøking eller henlegge meldinga dersom den er openbar grunnlaus.
Barneverntenesta skal gje tilbakemelding til den som har sendt melding innan tre veker etter at meldinga vart mottatt. Tilbakemelding kan unnlatast i tilfelle der meldinga er openbar grunnlaus, eller der særlege omsyn talar mot å gi tilbakemelding.
Ei undersøking skal gjennomførast snarast og seinast innan tre månader. Undersøkinga skal vere tilpassa saka sin alvorsgrad. Denne fristen kan utvidast til seks månader. Dersom undersøkinga gir grunnlag for hjelpetiltak, skal barneverntenesta iverksette tiltak etter lova
Les meir om gangen i ei barnevernssak på Bufdir sine nettsider
Betre Tverrfagleg Innsats for barn og unge
I Sunnfjord kommune jobbar vi aktivt for at det skal vere trygt og godt for barn og unge å vekse opp. Av og til oppstår det likevel utfordringar og vanskar som gjer at ikkje alle har det så bra. Kva gjer du dersom du lurer på om eit barn eller ein ungdom treng hjelp?
Kikk innom nettsida om Betre Tverrfagleg Innsats for å få hjelp og råd
Lover og forskrifter