Bli besøksheim

Kva er ein besøksheim?

Å vere besøksheim inneber å ta imot barn/ungdom éi eller fleire helger i månaden. Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak. Besøksheimen skal ikkje erstatte barnet sin heim, men vere ein ekstra ressurs for barnet.

Føremålet er at du med din familie og heim, tilbyr eit avbrekk for eit barn eller ungdom frå ein familie som er i ein krevjande livssituasjon. 

Kva for krav stiller vi til ein besøksheim?

Ein besøksheim er ein helt vanleg heim. Det blir ikkje stilt krav om utdanning for å bli besøksheim. Det vert lagt større vekt på at ein er personleg eigna. Det er viktig at besøksheimen består av trygge og stabile vaksne personar som har husrom og hjarterom. Besøksheimen kan gjerne ha eigne barn.

Det blir stilt krav om utvida politiattest.

Kven er besøksbarna?

Barna kan ha nytte av å vere saman med andre familiar. For mange av barna er det behov for å oppleve andre rammer med fleire trygge vaksne som bryr seg om dei. Kontakten med dei vaksne har som mål å gje barna overskot, lærdom, stimulans, glede og tryggheit. Alderen på besøksbarna er frå 0 til 18 år.

Godtgjersle for besøksheim

Du får løn for oppdraget etter KS (kommunesektorens organisasjon) sine satsar.  Besøksheimen hentar vanlegvis barnet/barna fredag ettermiddag og leverer dei heim søndag ettermiddag. Du får køyregodtgjersle etter gjeldande satsar. Arbeidsgodtgjersle er skattepliktig.

Ønsker du å vere besøksheim?

Ta gjerne kontakt med leiar for barnevernet Ove Mjåtveit for meir informasjon: 95 22 34 30
E-post: ove.mjatveit@sunnfjord.kommune.no 

 

Kontakt

Barnevernstenesta
Telefon 57 72 21 30

Besøksadresse:
Sunnfjord rådhus
Hafstadvegen 42, tredje etasje 
Opningstid: 08.00–15.00

Postadresse: 
Sunnfjord barnevern
Postboks 338
6802 Førde 

Kart