Opplæring i Norsk og samfunnskunnskap

Opplæring i norsk

Kommunen tilbyr opplæring i norsk dersom du er over 18 år og har opphaldsløyve. Nivåa bygger på det felles europeisk rammeverket for språk. Vi har grupper på A1-, A2- og B1-nivå. 

Dei fleste kurs går på dagtid. Vi har og tilbod om kveldskurs dersom vi har nok deltakarar. Vi startar opp nye grupper på begynnarnivå 3-4 gongar i året.

Opplæringa kan vere gratis dersom du er flyktning med opphaldsløyve som dannar grunnlag for busetting, og du er mellom 18 og 67 år. 

Arbeidsinnvandrarar og familiemedlemmar må betale for opplæringa. Ta kontakt for prisar. 

Bruk søknadsskjemaet nedanfor:

Søknad om opplæring for vaksne VOI 2026-2027


Asmund Friborg konstituert assisterande einingsleiar, har ansvaret for deltakarane som søkjer om norskopplæring utanfor introduksjonsprogrammet. 

Send e-post til Asmund Friborg

Opplæring i samfunnskunnskap

Kurset er på 75 timar og er obligatorisk for personar med rett og plikt til opplæring. Kurset må bli  gjennomført innan eit år frå den datoen du får tilbod om opplæringa. 

Kurset inneheld tre modular: 

  • Modul 1 - Utdanning, kompetanse og arbeidsliv. 
  • Modul 2: Familie, helse og kvardagsliv. 
  • Modul 3: Norge før og no. 


Ønsker du å studere på eiga hand så finn du fagstoff til kurset her

Prøver

Dersom du har plikt eller rett og plikt til opplæring må du ta prøver i norsk og samfunnskunnskap. 

Du melder deg på prøva på HK-dir si nettside 

Du vil få tilsendt informasjon om prøvedato seinast 14 dagar før prøva. 

Fysisk oppmøte er i lokala til Vaksenopplæringa, Concordbygget, Firdavegen 6.

Kontakt

Profilbilde av Andrew Torleiv Hawkes
Andrew Torleiv Hawkes
Einingsleiar
Telefon 57 61 26 61