Hjelp flyktningar i Sunnfjord

Kan du hjelpe til med noko av dette? - Klikk for stort bilete

Sunnfjord kommune førebur seg på å ta imot flyktningar. Mange av tenestene i kommunen vert berørte og dei samarbeider no for å ruste seg til å ta imot dei som kjem. Vi samarbeider også med politiet og  Røde Kors for å gje dei som kjem ei god mottaking. 

Bustader

Kommunen har behov for utleigebustader til flyktninger, særskilt 2-roms og 3-roms.

Har du ein utleigebustad, kan du registrere dette i skjema under.

Registrer utleigebustad

Registreringa er uforpliktande både for deg og for kommunen. Dersom det vert aktuelt for kommunen å leige bustad av deg, vert du kontakta.

Har du ukrainske bøker?

Du kan levere bøkene i skranken hos alle biblioteka i Sunnfjord. 

Sunnfjord biblioteket sine sider