Kommunal bustøtte Kommunal bustøtte er ei ordning for deg som bur i ein kommunal bustad eller i ein bustad tildelt av Sunnfjord kommune, og som har låg inntekt i forhold til husleiga. For å søke må du: Vere tildelt bustad gjennom Sunnfjord kommune og vere folkeregistrert på denne adressa.Ha søkt om statleg bustøtte gjennom Husbanken, og gi samtykke til at den blir overført til Sunnfjord kommune.Ha utnytta ditt inntektspotensiale. Studentar i husstanden må til dømes søke om stipend og studielån i Statens Lånekasse.Kven kan få kommunal bustøtte?Kommunal bustøtte er behovsprøvd. Den reknast ut på bakgrunn av kor mange personar som er i husstanden, samla inntekt, og bu-utgifter. Formue reknast òg med i grunnlaget.Utgangspunktet er at etter at du har betalt husleiga di, så skal du ha tilstrekkeleg med inntekt/midlar igjen til å kunne dekke utgifter til å leve, såkalla levekostnader eller livsopphold. Det er staten som fastset kva satsen for livsopphald er. Den varierer ut i frå om du bur åleine, eller saman med barn du forsørger. Om du har mindre enn livsopphaldssats igjen etter at husleige er betalt, kan du ha rett på kommunal bustøtte. Du må ha utnytta inntektspotensiale ditt for å kunne søke om kommunal bustøtte. Det vil seie at du har undersøkt moglegheiter for inntektsgjevande arbeid, eigne midlar og andre økonomiske rettigheiter som kan hjelpe på den økonomiske situasjonen din.Slik søker du om kommunal bustøtteDu kan søke digitalt via elektronisk skjema.Søk elektroniskHugs nødvendig dokumentasjon: Skattemelding (hentast ut frå Skatteetaten.no)Lønns-/trygdeutbetalingsslipp for dei 3 siste månadar, som viser inntekt pr månad.Dokumentasjon på formue, viss det ikkje kjem fram på skattemeldinga. For å søke om kommunal bustøtte må du ha søkt om statleg bustøtte frå Husbanken først.Les meir om statleg bustøtte frå Husbanken Sist endra 30.04.2025 11.19