Sunnfjord kommune

Kommunal bustad

Kommunal bustad

Du kan søke om å leige kommunal bustad om du ikkje klarar å skaffe deg ein egna bustad sjølv eller med annan offentleg hjelp. Kommunal utleigebustad er bustad utan særskilt tilrettelegging. Dei er lokalisert både i burettslag, sameige eller som sjølvstendige einebustader/tomannsbustader.

Kven kan få tilbodet?

Føremålet med kommunale bustader er å hjelpe vanskelegstilte med å kunne busette seg i eigen bustad. Aktuelle målgrupper kan vere: 

  • menneske med funksjonsnedsetting
  • flyktningar
  • personar som vert skriven ut frå institusjon
  • personar som kjem frå fengsel

Krav til søkar

  • Du må vere over 18 år, og ha vore folkeregistrert i Sunnfjord kommune i minimum to år (gjeld ikkje flyktningar).
  • Du må vere utan eigna bustad, og noverande bustad kan i liten grad tilpassast og tilretteleggast.
  • Du må vere utan inntekt og formue som gjer deg i stand til å skaffe deg bustad på eiga hand.
  • Det kan bli stilt krav om at du inngår avtale med Sunnfjord kommune om butrening.

Slik søker du

Søk om kommunal bustad (PDF, 94 kB)

Ta kontakt med kommunen på telefon 57 72 20 00 om du treng hjelp med søknaden eller har andre spørsmål. 

Kva kostar det?

  • Husleige blir vedtatt av kommunestyret kvart år. 
  • Kommunale leigetakarar kan søke om bustøtte som kan gi lågare buutgifter.

Kor lang tid tek det å behandle søknaden?

Saksbehandlingstida kan variere, alt etter kor akutt det er med busituasjonen din. Tildelingseininga vil ta kontakt med deg slik at det kan bli gjort ei kartlegging saman med deg av dine behov for hjelp. 

Om du får innvilga søknaden

  • Vert det inngått leigeavtale mellom deg og Sunnfjord kommune.
  • Leigeavtalen er tidsbestemt. 

Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden?

Er du misnøgd med vedtaket, kan du klage innan ein frist på tre veker frå du fekk brevet. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Let kommunen avgjerda stå, blir saka send vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om om klagen skal bli teken til følgje

Aktuelle lover 

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
E-post
Telefon 57 72 20 00