Varsling til innbyggarane

Når viktig informasjon må ut raskt, vil kommunen sende deg eit varsel på telefon. Varsling skjer ved at det blir sendt ut ein SMS til mobiltelefonar, og ei talemelding til dei som kun er registrert med fasttelefon.

Adressebasert varsling kan til dømes skje:

  • ved evakuering
  • når du må koke vatnet
  • ved vassbrot

Sunnfjord kommune brukar Varsling 24 for å varsle innbyggarane.

Les meir om Varsling 24

Om vi ikkje klarar å varsle gjennom via mobiltelefon eller radio, vil varsling skje manuelt/fysisk oppmøte ved bruk av kommunen sine tilsette, sivilforvaret, Røde kors m.v. Dette vil vere mest aktuelt  ved evakuering.

Flyalarm ( tyfon)

Sivilforvaret har ansvar for landets sireneanlegg (tyfonar). Det vert nytta til varsling av befolkninga ved akutt fare både i fred- og krigstid.
Sivilforsvaret prøver installasjonane to gonger i året, vanlegvis andre onsdag i månadene januar og juni.

Les meir om Sivilforsvarets varsling av befolkninga