Tilfluktsrom er permanente vernerom som vil kunne redusere omfanget av skadar på befolkninga som følge av krigshandlingar. I Sunnfjord kommune har vi to offentlege tilfluktsrom. Dei ligg i Vieåsen barnehage og på Halbrend skule.
kart.dsb.no
Private tilfluktsrom er for dei som normalt oppheld seg på eigendomen eller bygget. Storleiken på private tilfluktsrom er såleis tilpassa tal personar som normalt oppheld seg på eigendomen. Det kan vere i kontorbygningar, skular, barnehagar, burettslag, bedrifter butikkar og hotell.
Sia 1998 har det ikkje vore krav om bygging av tilfluktsrom i Norge. Bygningar som er bygd dette året og seinare, har såleis ikkje tilfluktsrom.
Vi har ikkje oversikt over alle private tilfluktsrom i kommunen. Er du usikker på om bygget du er i har tilfluktsrom, må du kontakte huseigar.
Les meir om tilfluktsrom på Sivilforsvaret sine sider
Sist endra 20.03.2025 09.00