Vi har faste oppmøtestadar i Sunnfjord kommune ved bortfall av telefon og om all anna kommunikasjon er nede. Om straumen, telefonnettet og anna kommunikasjon forsvinn, kan innbyggarane ta kontakt med kommunen på desse stadane for å få informasjon og anna hjelp.
Det kan oppstå situasjonar der det ikkje er mogleg for kriseleiinga å fysisk vere tilstade der det skjer ei krisehending i kommunen.
For å handtere det som skjer lokalt, vert det derfor oppretta fire lokale beredskapspunkt (BP), der det vil vere personar som er representantar for kriseleiinga.
Ved kvar av desse beredskapspunkta, er det og planlagt eigne evakuerings- og pårørandesenter.
Oversikt over beredskapspunkt
- Førdehuset
- Vassenden skule
- Misjonshuset på Skei
- Sande kyrkjelydshus
- Naustdal skule
Sist endra 02.08.2022 11.46