Beredskapsleiing i kommunen

Sunnfjord kommune har ei beredskapsleiing som har eit overordna ansvar for å koordinere kommunen si handtering av alvorlege hendingar/beredskapssituasjonar.
 

Medlemmar i beredskapsleiinga

Ordførar Jenny Følling


Konstituert kommunedirektør Lise Mari Haugen

Beredskapskoordinator Jan Birger Moe

Konsituert kommunalsjef for teknisk og miljø Trond Ueland

Kommunalsjef for helse og sosial Kurt Even Andersen

Kommunalsjef for omsorg Kirstin Bruland

Kommunalsjef for skule Åge Stafsnes

Kommunalsjef for barnehage Kristine Steindal

Kommunalsjef for kultur og idrett Anita Nordheim

Personalsjef Ellen Jensen

Kommuneoverlege Bård Flattun Lilleeng

 

Avhengig av situasjonen, kan og anna fagfolk i kommunen bli inkludert i beredskapsleiinga/kalla inn ved behov som brannsjef og andre.

Beredskapsleiinga vil ha støttepersonell i Service m.a. i informasjonsarbeidet.

Beredskapsleiinga har alle fullmakter til å handtere dei kriser som oppstår, og skal med mindre andre eksterne aktørar overtar ansvaret, leie dei beredskapssituasjonar som oppstår innanfor Sunnfjord kommune.

Ordførar er bindeledd mellom beredskapsleiinga og det politiske nivå i kommunen.

Beredskapsleiinga vil vere plassert i Sunnfjord rådhus.

Beredskapsråd

Kommunen har eit eige beredskapsråd. Forutan kommunen si beredskapsleiing og brannsjefen, inngår følgjande eksterne verksemder i denne:

  • Politi
  • Heimevernet
  • Sivilforsvaret
  • Helse Førde
  • Sunnfjord Røde Kors (representant frå dei frivillige organisasjonane)
  • Kyrkja
  • Eviny (BKK nett)
  • Fins (Førde Industri og Næringsskipsnad)
  • Representant frå landbruket sine organisasjonar

 

Beredskapsrådet skal:

  • Gjensidig utveksle informasjon om status og endringar innafor beredskapsområdet
  • Koordinere aktivitetar herunder øvingar
  • Dele erfaringar innan bereskapsarbeid
  • Om aktuelt; ROS og beredskapsplanar vil vere tema
  • Informasjonstema – fokus på eit beredskapsområde


Avhengig av situasjonen vil og medlemmar av beredskapsrådet inngå i beredskapsleiinga.