Atomhendingar/atomulykke

Kva kan du gjere for å beskytte deg ved ei atomulykke?

Jodtablettar

Sunnfjord kommune har lager av jodtablettar på skular og barnehagar samt på helsestasjonen.  Det er born og unge under 18 år samt gravide og ammande som primært skal få jod-tablettar utlevert.  

Om det oppstår ein situasjon der radioaktivt nedfall rammer Norge, vil inntak av reint jod kunne hindre opptak av radioaktivt jod i skjoldbruskkjertelen hos unge menneske. Dette reduserer sannsynet for utvikling av kreft i skjoldbruskkjertelen. Det er viktig at jodtablettar blir gjort tilgjengeleg for born under 18 år, gravide og ammande om radioaktivt jod vert spreidd i lufta. Myndigheitene melder frå om tablettane skal nyttast.

Utlevering av tablettar til målgruppa skal skje innan 12 timar etter at myndigheitene har gitt varsel. 

Utlevering ved skular, barnehagar og helsestasjonen:

Ved skular og barnehagar:

  • I opningstida. Om barnet er fråværande må foreldra hente.
  • Etter opningstida: Foreldra hentar på sin skule/barnehage.
  • Tilsette som har barn i forskjellige skular og barnehagar, hentar på næraste skule/barnehage for å unngå køyring.
  • Gravide, ammande og barn som ikkje går i barnehage og som ikkje bur i Førde sentrum (dvs Holsen, Haukedalen, Sunde, Solheimsdalen, Jølster, Gaular og Naustdal), hentar på næraste skule/barnehage.

Ved helsestasjonen på Rådhuset

  • Gravide, ammande og barn som ikkje går i barnehage og som bur i sentrumsområdet i Førde.

Jodtablettar ved atomhendingar

Informasjon om riktig bruk av jodtablettar

Jodtablettar ved atomhendingar, medisinsk informasjon til helsepersonell

Tilfluktsrom

Tilfluktsrom er permanente vernerom som vil kunne redusere omfanget av skadar på befolkninga som følge av krigshandlingar.

Les meir om tilfluktsrom på Sivilforsvaret sine sider