Trivselsleiar

I år har vi på Sunde valgt å bli med i Trivselsleiarprogrammet. Trivselsleiar er Skandinavias største program for aktivitet og inkludering i barne- og undgomskulen. 

Trivselsleiarane hos oss er ei gruppe elevar frå 5.-7.klasse. Ei gruppe om hausten, og ny gruppe til våren. For å vere trivselsleiar må ein vere mobbefrie, vennlege og respektfulle. Dei får vere med på eit oppstartkurs saman med andre trivselsleiarar i kommunen der dei lærer seg korleis å vere ein trivselsleiar, samt mange kjekke leikar dei tek med tilbake til skulen å brukar i friminutta.

To gongar i veka har vi valgt å ha TL-friminutt. Trivselsleiarane er sjølve ansvarlege for å få med seg alt dei treng til leiken ut, dei må lage til bana, og vere klar til dei andre elevane kjem å vil vere med på leiken. Dei må også rydde opp og få på plass alt når friminuttet er over.  

Erfaringa vi har hittil er at TL-friminutta er veldig kjekke for både elevane og trivselsleiarane våre. 

 

      Trivselsprogrammets mål er å:

  • gi økt trivsel
  • gi økt og mer variert aktivitet i friminuttene
  • gi økt og mer variert aktivitet i undervisningen
  • bygge vennskap
  • forebygge konflikter og mobbing
  • gi inkluderende, vennlige og respektfulle elever

(Teksten er henta frå trivselsleder.no)

 

 

For meir info, gå til trivselsleder.no her

Artikkelliste