Visjon og verdigrunnlag

Ansvar omsorg og respekt  er grunnverdiane våre. Slik vi vil ha det  i skulekvardagen,  på skulevegen og på fritida.

Illustrasjon – Fotograf: Sunde skule - Klikk for stort bilete

Sunde skule – På same lag

Læring

Vi vil at elevane skal:

  • ha ei oppleving av å lukkast
  • oppleve at skulen er meiningsfull
  • delta i planlegging og vurdering av eige arbeid, samt reflektere over eiga læring og utvikling
  • utvikle evne til refleksjonog kreativ og kritisk tenking
  • kunne samarbeide og bidra aktivt til eigen og andre si læring

Trivsel

Vi vil at elevane skal:

  • oppleve å føle seg inkludert i fellesskapet
  • bli sett høyrt og snakka med
  • ha medverknad på eigen skuledag
  • ta medansvar for eigen og andre sin trivsel
  • oppleve tydelege vaksne med positive forventningar til dei

Ansvar

Omsorg

Respekt

 

Sunde skule – Verdigrunnlag

Skulen vår er bygd på 3 grunnverdiar. Vi legg stor vekt på sosialt samspel og eit positivt, trygt og inkluderande læringsmiljø. For å få til dette må vi følge opp nokre prinsipp.

Vise respekt – Ta ansvar – Vise omsorg

 

Vise respekt

På skulevegen:

  • Ver høfleg mot alle du møter.
  • Respekter andre sine grenser og lytt til stoppregelen.

I skulekvardagen:

  • Lytt til og respekter andre sine ytringar.
  • Respekter andre sine grenser og lytt til stoppregelen.
  • Vis respekt for at alle er ulike.

På fritida:

  • Ta vare på skulen sitt uteområde.
  • Respekter at vi er ulike og har ulike interesser.
  • Respekter andre sine grenser og lytt til stoppregelen.
  • Ver høfleg og vennleg mot alle du møter.

 

Ta ansvar

På skulevegen:

  • Sei ifrå til vaksne om du ser eller opplever noko som ikkje er greitt.
  • Ver inkluderande og vis at du stiller opp for elevar som går/sit åleine.
  • Følg trafikkreglane.

I skulekvardagen:

  • Sei ifrå til vaksne om du ser eller opplever noko som ikkje er greitt.
  • Hald det ryddig rundt deg.
  • Ver inkluderande i leik.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø på skulen.
  • Ta vare på skulebygg og utstyr.

På fritida:

  • Sei ifrå til vaksne om du ser eller opplever noko som ikkje er greitt.
  • Inviter og inkluder kvarandre.
  • Ta eige ansvar –Vis initiativ.
  • Ta vare på skulen sitt uteområde.
  • Bruk nettvett på sosiale medier.

 

Vise omsorg

På skulevegen:

  • Vis at du bryr deg om nokon går åleine eller nokon er lei seg.
  • Gå saman med fleire og ver inkluderande.

I skulekvardagen:

  • Ver ein god læringskamerat.
  • Ta kontakt om du ser nokon som er lei seg eller treng hjelp, og vis at du bryr deg.

På fritida:

  • Ta kontakt om du ser nokon som er lei seg eller treng hjelp, og vis at du bryr deg.