SU/SMU

Samarbeidsutvalet består av representantar frå lærarane, andre tilsette, foreldra, elevane og kommunen (der rektor er ein av representantane) og har uttalerett i alle saker som gjeld skulen.

Skulemiljøutvalet er eit rådgivande organ med uttalerett i alle saker som vedkjem skulemiljøet. I skulemiljøutvalet skal elevane, foreldra, dei tilsette, skuleleiinga og kommunen vere representert. Utvalet skal vere samansett slik at representantane for foreldra og elevane til samen har fleirtal.

Om Samarbeidsutvalet

SU er sett saman slik:

  • Frå kommunen (2), rektor er ein av dei
  • FAU (2), leiar og nestleiar
  • Elevrådet (2) , leiar og nestleiar
  • Undervisningspersonalet (2)
  • Andre tilsette (1)

Oppgåver :

  • Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen.

Møteplan:

  • Onsdag 23.11.22 kl.18.00
  • Onsdag 24.05.23 kl.18.00

Om Skulemiljøutvalet

SMU er sett saman slik:

  • Alle medlemar i Samarbeidsutvalet
  • To ekstra representantar frå FAU (to gruppeleiarar - 4 tilsaman frå FAU)


Oppgåver

  • Utvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulemiljøet, jf. kap. 9 a i opplæringsloven.