Saman skal vi få med alleVisjonen syner kva verdiar vi står for. Visjonen skal gi oss energi og bidra til å gi arbeidet meining. Visjonen vår seier at vi skal hjelpe kvarandre, både fagleg og sosialt. Å hjelpe andre, samarbeid og samspel gjer oss både gladare og flinkare! Skulekoden vår Sjå alle – bygge relasjonar: Bygge relasjonar, verdiar, respekt og meistring gjennom fag og organisering. Vere gode rollemodellar Etablere vi-kjensla - alle sin trivsel. Tenkje på heile klassemiljøet og ikkje at enkeltpersonar eig problemet. Tydelege krav og forventningar Fremje positiv åtferd ved å rose Starte presis med fag – avslutte presis Orden og estetikk Læringssyn Vi tar omsyn til at alle elevar er forskjellige og lærer på ulike måtar, og i ulikt tempo Vi må gi elevane tru på at dei kan lære Alle elevar har rett på rettleiing og hjelp til utvikling tilpassa sitt nivå Vi skal nytte varierte undervisningsmetodar Vi skal ta utgangspunkt i elevane sine forkunnskapar Læring er ein kontinuerleg prosess Elevane er ein del av eit fellesskap, der dei skal bidra fagleg og sosialt Vi vil ha aktive og sjølvstendige elevar, som reflekterer over eiga læring Verdisyn - barn Alle barn har behov for tryggleik og å høyre til eit fellesskap. Alle barn treng vener Alle barn treng faste rutinar, orden og struktur Alle barn må vere trygge på dei vaksne på skulen Alle barn treng tydelege vaksne som er konsekvente i høve til kva åtferd som blir akseptert Alle barn er unike og likeverdige Alle barn har gode og sterke sider Alle barn skal behandlast med respekt Alle barn treng å bli sett og høyrde Alle barn skal aktivt kunne påverke skulekvardagen sin Alle barn treng å bli møtt med positive forventningar Alle må oppleve meistring, vi må vise at vi har tru på barna og stimulere dei til eigeninnsats Ros, oppmuntring og godt humør er viktig for å skape trivsel Samarbeid heim/skule Heim/skule må: i samarbeidet byggje på gjensidig tillit støtte kvarandre i omsorga for det einskilde barnet støtte kvarandre i opplærings- og oppdragaroppgåvene arbeide for felles forståing av skulen sitt verdigrunnlag Samarbeidet mellom skulen og heimen er viktig for at den einskilde elev skal få ei så god skuletid som mogleg. I det førebyggjande arbeidet er det ein føresetnad at partane samarbeider og har viktige normer felles. Når heim og skule «sender same signal», vil effekten av det som vert sagt bli meir enn fordobla, seier ekspertane. Om ikkje alt vert gjort likt, så må det vere gjensidig forståing for kvarandre si grensesetjing, normer og haldningar. Skulen skal: samarbeide med foreldra både fagleg og sosialt gi foreldra høve til å følgje opp barnet gjennom veke- og lekseplanar kalle inn til minimum to utviklingssamtalar per år der eleven, foreldre og lærar vurderer eleven si utvikling og set nye mål for arbeidet framover i samråd med klassekontaktane kalle inn til minimum to klasseforeldremøte per år, der tema som er av felles interesse for utviklinga til elevane, læringsmiljøet og andre aktuelle saker blir tatt opp. Foreldra sine forventningar til Slåtten skule Dei vaksne må sjå det einskilde barnet sitt behov Nulltoleranse mot mobbing Barnet skal få tryggleik og tru på seg sjølv og evnene sine Skulen skal ha kultur for at det er kjekt å lære Elevane skal lære samspel og inkludering Skulen skal stille krav til barna Barna skal ha ein trygg skuleveg og ein trygg skulekvardag i timar og friminutt Skulen skal stimulere til at barna får utfolde seg fysisk Barna skal lære å bli sjølvstendige Skulen må raskt seie frå og etablere eit samarbeid med heimen dersom barnet strevar sosialt eller fagleg Skulen må ha kompetente lærarkrefter i forhold til notidas krav Slåtten skule sine forventningar til føresette At barnet kjem utkvilt og i rett tid til skulen, og har med niste og høvelege kle At de er engasjerte i barnet si faglege og sosiale utvikling At de melder frå til skulen når barnet strevar/ikkje har det bra At de melder frå om hendingar og anna som påverkar barnet At de følgjer opp avtalar At de hjelper til med å få eit godt miljø mellom barna At de omtalar Slåtten skule og oss tilsette positivt overfor barnet Kva føresette kan forvente av oss på Slåtten skule At vi møter alle føresette med respekt og omtalar dykk med respekt At alle føresette blir høyrde og tekne på alvor At vi ivaretar barnet både fagleg og sosialt At vi overheld teieplikta At vi følgjer opp avtalar NB: Det er viktig å merke klede, sko og anna utstyr med fullt namn Satsingsområde Slåtten skule Eit inkluderande skulemiljø Klasseleiing Grunnleggande dugleikar lese, skrive, rekne, munnleg og digital dugleik § 9a i Opplæringslova slår fast at dersom ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø, kan eleven eller foreldra melde saka til fylkesmannen, etter at saka er teken opp med rektor. Vi har som mål at alle skal arbeide kontinuerleg og systematisk med å fremje eit trygt og godt skulemiljø, og med å førebyggje og avdekke alle krenkingar. Ved krenkingar grip vi inn, varslar og set inn eigna tiltak heilt til elevane opplever at dei har eit trygt og godt skulemiljø. Ved hjelp av kartlegging og analysar skal vi avdekke. Ved eigna tiltak skal vi handtere krenkingar. Viktigast av alt er å jobbe førebyggande med å fremje inkluderande miljø og førebygge krenkingar. Vi skal gjere vårt beste for at alle våre elevar, skal trivast og få gode vilkår for læring og utvikling på skulen! Saman skal vi få med alle! Sist endra 26.06.2023 12.42