Informasjon om Slåtten skuleSlåtten skule Ein god inkluderande skule og SFO med dyktige og engasjerte tilsette. Eit flott uteområde. Godt samarbeid og felles mål!HistorieSlåtten skule stod ferdig til skulestart hausten 1994. Første skuleåret hadde vi 26 6-åringar som frivillig hadde siste barnehageåret på skulen. 1997 var året alle 6-åringar tok til i skulen, og grunnskulen vart 10-årig. SkulebyggaElevane på 1. steget og SFO for 1. og 2. steget nyttar same romma i Løvetanna (Hus 2). SFO for 3. steget har SFO-basen sin i underetasjen i Skogstjerna (Hus 4). SFO for 4.steget er dette skuleåret i Kantarellen (Hus 5). Skulen har seks separate hus: Blåklokka (administrasjonsbygget, Hus 1), Løvetanna (Hus 2), Raudkløveren (Hus 3), Skogstjerna (Hus 4). Kantarellen (Hus 5) (2007) og Firkløveren (Hus 6) (2015).Elevar og tilsetteSkuleåret 2024-25 har vi 415 elevar. Det er ca. 220 barn på SFO.I tillegg til rektor, to assisterande rektorar, konsulent og dagleg leiar på SFO er det 38 lærarar og 25 assistentar/fagarbeidarar i skule og på SFO.UteområdetVi har eit stort og flott uteområde (34 mål) med høve til variert leik og fysisk aktivitet. Uteområdet er i stadig utvikling. Grindbygget stod ferdig våren 2018. I Grindbygget er der klartevegg, skaterampe og bordtennisbord, til stor glede for elevane våre. Sist endra 23.09.2024 10.41