Informasjon om Slåtten skule

Slåtten skule 

Ein god inkluderande skule og SFO med dyktige og engasjerte tilsette. Eit flott uteområde. Godt samarbeid og felles mål!

Historie

Slåtten skule stod ferdig til skulestart hausten 1994. Første skuleåret hadde vi 26 6-åringar som frivillig hadde siste barnehageåret på skulen. 1997 var året alle 6-åringar tok til i skulen, og grunnskulen vart 10-årig. 

Skulebygga

Elevane på 1. steget og SFO for 1. og 2. steget nyttar same romma i Løvetanna (Hus 2). SFO for 3. steget har SFO-basen sin i underetasjen i Skogstjerna (Hus 4). SFO for 4.steget er dette skuleåret i Kantarellen (Hus 5).
 
Skulen har seks separate hus: Blåklokka (administrasjonsbygget, Hus 1), Løvetanna (Hus 2), Raudkløveren (Hus 3), Skogstjerna (Hus 4). Kantarellen (Hus 5) (2007) og Firkløveren (Hus 6) (2015).

Elevar og tilsette

Skuleåret 2023-24 har vi 397 elevar. Det er ca. 200 barn på SFO.
I tillegg til rektor, assisterande rektor, konsulent og dagleg leiar på SFO er det 35 lærarar og 22 assistentar/fagarbeidarar i skule og på SFO.

Uteområdet

Vi har eit stort og flott uteområde (34 mål) med høve til variert leik og fysisk aktivitet. Uteområdet er i stadig utvikling. Grindbygget stod ferdig våren 2018. I Grindbygget er der klartevegg, skaterampe og bordtennisbord, til stor glede for elevane våre.

Kontakt

Slåtten skule
E-post
Telefon 57 83 45 00

Om du skal sende personopplysningar send dei på eDialog

Adresse

Besøksadresse:
Angedalsvegen 71
6810 Førde

Postadresse:
Slåtten skule
Postboks 338
6802 Førde