Sunnfjord kommune

SFO Skei skule

SFO Skei skule

Her finn du informasjon som gjeld spesielt for SFO ved Skei skule. Informasjon om påmelding, oppseiing og satsar finn du på kommunen sine heimesider.

Om SFO 

SFO er ein del av den samla verksemda til skulen. Vi jobbar for heilskap og samanheng mellom skule og fritid. SFO skal gje borna eit variert fritidstilbod. Vi vekslar mellom frie og styrte aktivitetar inne og ute. SFO skal gje borna omsorg, tilsyn og tryggleik.

Hugs gode, vasstette og varme kle til ungane, vi er mykje ute i all slags vêr.

Kontaktinformasjon SFO

Tilsette ved SFO

Opningstider SFO

Skuleåret 22/23 held SFO ope måndag, tysdag, torsdag, fredag 07.00–09.00 og 14.30–16.30. Onsdag 08.00–09.00 og 14.30–16.30. SFO er i tillegg ope måndag 12.00–14.30 og onsdag 12.45–14.30.

Påmelding til SFO i feriar

Barn som skal vere på SFO i feriar gjennom skuleåret (haustferie, juleferie, vinterferie og påskeferie) må søkje om dette i forkant av kvar ferie dersom de ikkje har full SFO-plass (A-tilbod). Skulen sender ut informasjon om påmelding i forkant av feriane. Ferie-SFO er samordna på Vassenden skule.

For sommarferien er det eiga påmelding som vert sendt ut av skulen. Dette er eit tilbod til alle, uavhengig av om ein har SFO-plass. Sommar-SFO har ope to veker etter skuleslutt, og to veker før skulestart, og er samordna på Vassenden. Elevar som skal til i 1. klasse har ikkje høve til å nytte sommar-SFO før dei startar på skulen.

Kontakt

SFO Skei skule
E-post
Mobil 40 44 60 30

Opningstider

Skuleåret 22-23

Måndag: 07.00–09.00 og 12.00–16.30

Onsdag: 08.00–09.00 og 12.45–16.30

Tysdag, torsdag, fredag: 07.00–09.00 og 14.30–16.30

Adresse

Besøksadresse:
Jølstravegen 3310
6843 Skei

Postadresse:
Skei skule
Postboks 338
6802 Førde

Kart