Om Skei skule

Skei skule er ein 1 til 10-skule med rundt 140 elevar. Skulen ligg på Skei i indre del av Jølster i Sunnfjord kommune.

Visjon

Visjonen til skulen er å sjå, utfordre og omfamne. Det er slik vi ynskjer å møte elevane våre, og det er ei påminning om formålsparagrafen til opplæringslova, der det heiter at skulen «skal møte elevane og lærlingane med tillit, respekt og krav og gi dei utfordringar som fremjar danning og lærelyst».

Utviklingsarbeid

Personalet på skulen deltek i kontinuerlege faglege utviklingsarbeid. Klasseleiing, lesing, skriving og rekning i alle fag har vore satsingsområde tidlegare. I 2017–2018 og 2018–2019 har vi arbeidd med vurdering for læring og inkluderande barnehage- og skulemiljø gjennom Høgskulen i Innlandet. Frå 2020 har vi, i fellesskap med alle skulane i Sunnfjord kommune, arbeidd med å tilpasse undervisning til dei nye læreplanane som kom skuleåret 2020-2021. I 2022-2023 samarbeidde vi med Høgskulen på Vestlandet om desentralisert kompetanseutvikling. Satsingane våre i dette samarbeidet er motivasjonen til elevane, og god vurderingspraksis. Skuleåret 2023-2024 held vi fram med med å implementere ny læreplan, vurdering og inkluderande.

Historie

Skei skule vart opna som barneskule i 1960, og utvida med nytt bygg for ungdomstrinnet i 1972. Skulen er i dag fordelt på tre bygg, og har mellom anna eige symjebasseng.

Utleige

Vi leiger ut lokale som gymsal, symjebasseng, skulekjøken og klasserom etter avtale. Ta kontakt med skulen for nærare informasjon og pristilbod.

Kontakt

Skei skule
E-post
Telefon 57 72 64 40

Om du skal sende personopplysningar send dei på eDialog

Adresse

Besøksadresse:
Jølstravegen 3310
6843 Skei

Postadresse:
Skei skule
Postboks 338
6802 Førde