Om Sande skule

Sande skule

Sande skule ligg i sentrum av bygda, og vart bygd i 1967. Bygget har blitt utivda og påbygd fleire gongar, sist i 2015 då Gaularhallen vart bygd. Vi har no ein flott idrettshall vegg i vegg med skulen. Vi er også ein av få skular som har vårt eige symjebasseng, og rett over vegen for skulen har vi det kommunale biblioteket.

Den eldste delen av skulen er frå bygningsåret, og vi er svært glade for at denne delen skal rehabiliterast/byggast ny. Byggestart blir i 2025.

Sande er ein kombinert barne- og ungdomsskule. Skuleåret 23-24 har vi 286 elevar og omlag 50 tilsette.

Her er lenke til Instagram-kontoen vår: https://www.instagram.com/sande.skule/ 

Trivselprogram

Sande skule har starta opp trivselsprogram for barneskulen. Det legg til rette for auka aktivitet både i friminutt og i undervisninga. Visjonen for programmet er "på trivselsleiarskular skal barn og unge vere aktive - med store smil og munnen"! Det er stor aktivitet i friminutta rundt trivselsleiarane, og elevane våre seier det er kjekkare friminutt.

 

Pedagogiske utviklingsprosjekt

Dei siste åra har vi arbeidd med desse utviklingsprosjekta.

Sastingsområde skuleåret 2023-2024 er vurdering, med framleis fokus på fagfornyinga. 

Kontakt

Profilbilde av Rune Kvammen
Rune Kvammen
E-post
Telefon 57 71 85 31
Mobil 95 99 39 20

Adresse

Besøksadresse:
Selstadvegen 1
6973 Sande i Sunnfjord

Postadresse:
Sande skule
Postboks 338
6802 Førde