Ved kvar grunnskule er det eit skulemiljøutval. I skulemiljøutvalet er elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skuleleiinga og kommunen representert. Dette er regulert av opplæringslova.
Opplæringslova fastset at elevane skal vere engasjerte i planlegging og gjennomføring av det systematiske arbeidet for helse, miljø og sikkerheit ved skulen. Skulen skal legge oppgåver til rette for elevane etter kva som er naturleg for dei enkelte årstrinna.
Alle elevar i grunnskulen har rett på eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Meir om dette kan du lese om i opplæringslova.