1. august 2024 vart ny Opplæringslov innført. Sunnfjord kommune har oppdatert sine skulereglar, som etter ny lov er ei føreskrift kringkasta i Lovtidend.
Skulereglar for Naustdal skule
Naustdal skule har i eit samarbeid mellom tilsette, elevar (elevråd) og føresette (FAU), utarbeidd skulereglar for Naustdal skule som er gjeldande frå 01.08.2025. Føremålet med skulereglane er å bidra til godt samarbeid, god trivsel, respekt, medansvar og elevmedverknad både på skulen og andre opplæringsarenaer.
Skulereglane skal fremje god orden, gode arbeidsvanar, bidra til eit godt, læringsfremjande og inkluderande skulemiljø som motverkar alle former for utanforskap.
Skulereglane er retningsgjevande for vurdering i orden og oppførsel og gjeld i skuletida, på skulevegen og turar i regi av skulen.
Skulereglar for Naustdal skule (PDF, 263 kB)
Det er viktig at elevar, føresette og tilsette er godt kjende med skulen sitt reglement. Elevar ved Naustdal skule får kvart skuleår informasjon om reglane ved oppstart og praktisk opplæring i dei gjennom skuleåret. Føresette får informasjon om reglane på foreldremøte.
Lovver og forskrifter