Nasjonale råd for skjermbruk blant barn, unge og føresette

Godt nytt år til alle elevar og føresette ved Naustdal skule! 

Torsdag 8. januar 2026 lanserte regjeringa dei oppdaterte nasjonale skjermråda for å sikre barna våre ein trygg digital oppvekst. Råda skal vere til hjelp og støtte for føresette og andre vaksne som skal ta stilling til barna sin skjermbruk. I samband med dette, passar det godt å dele FAU ved Naustdal skule sin "Rettleiar for digital kvardag"  som dei vedtok i haust. Skulen oppmodar alle føresette om å gjere seg godt kjende med dei nasjonale råda og FAU sin rettleiar. 

Her er dei nye nasjonale råda: 

  • Barn under 2 år bør unngå skjerm heilt, og vaksne som er saman med dei bør avgrense sin skjermbruk. 
  • Barn mellom 2-5 år bør maksimalt bruke 0,5-1 time per dag på fritida, gjerne mindre. 
  • Barn mellom 6-12 år bør maksimalt bruke 1-1,5 time per dag på fritida, gjerne mindre. 
  • Ungdom mellom 13-18 år bør maksimalt bruke 1,5-3 time per dag på fritida, gjerne mindre. 

 

I oppdateringa av skjermråda kjem det no eit eige råd om at føresette bør avgrense barn sin tilgang til digitale einingar med internett, som til dømes smarttelefonar. Det blir også presisert at trygg bruk inneber at vaksne bør unngå at barn har tilgang til internett utan tilsyn og foreldrekontroll dersom barnet brukar skjerm og er under 13 år. 

Kort oppsummert handlar god skjermbruk om å: 

  • Ikkje nytte skjerm som trøyst eller for å avleie barn frå negative kjensler.
  • Unngå at det brukast skjerm under måltid (inkludert amming og flaskemating). 
  • Ikkje ha på skjerm i bakgrunnen. 
  • Unngå skjerm siste timen før leggetid. 
  • Ikkje ha mobil eller nettbrett ved senga. 
  • Skjermbruk skal ikkje gå utover fysisk aktivitet, leik, skule, måltid eller sosialt liv. 

 

Les meir om skjermråda på helsedirektoratet.no

Artikkelliste