Om Halbrend skule

Skulebygg frå 1974 til 2013

Halbrend skule stod ferdig hausten 1974. Første året var det 175 elevar fordelte på 9 klassar. Skulen hadde delvis open planløysing. 1.og 2. klasse hadde vanlege klasserom,  3. og 4. klasse hadde eitt landskap.  Der fekk to klassar undervisning samstundes, anten begge 3. klassane eller begge 4. klassane.   5. og 6. klasse hadde eit stort landskap der fire klassar kunne ha undervisning på same tid.  Til engelsk og musikkundervisning var det eigne rom.


Den opne planløysinga var dårleg utforma, og fungerte difor heller ikkje godt.  Ein kom fort fram til at det måtte bli sett opp veggar om ein skulle få rimelege arbeidstilhøve for elevane. Etter 1 år vart landskapet i C-blokka delt i to med faste veggar slik at ein kunne ha undervisning i same rom berre på parallell-trinnet.  Skulen hadde då 3 storklasserom med plass til to klassar i kvart av romma.

I 1981 vart storklasseromma delte slik at vi fekk brukbare undervisningstilhøve.  To av romma vart delt med foldevegg for å få ei meir fleksibel løysing med omsyn til ulike arrangement som ved juletrefestar, avslutningar, rikskonsertar o.l.   Lydisolasjonen i foldeveggane var ikkje god.

Ved Halbrend skule vart det også i 1974 oppretta ei gruppe for funksjonshemma elevar.  Skulen var ikkje bygd med tanke på denne spesialklassen og difor mangla det plass.  Problemet vart løyst ved at romma for helsetenesta vart tekne i bruk.  I 1981 flytte spesialklassen inn i nytt tilbygg på 140 km2.  Spesialklassen vart nedlagt i 1983.

I 1984 vart Bruland og Førde nordside samt Ulltang krins regulert til Halbrend skule.   Skulen ligg i eit utbyggingsområde, og elevtalet var raskt stigande. I 1991 vart difor skulen bygd på med ny administrasjon, 4 nye klasserom og nye lokale for formingsaktivitetar, skulekjøken og naturfag. Kontor for lærarane kom på same tid.

Men, skulen voks framleis, og noko måtte gjerast.  Det vart  bestemt at Flatene skule skulle byggast for å ta over 1.- 4. klasse, på same tid som Halbrend skule skulle utvidast til også å vere ungdomsskule.  Første kullet ungdomsskuleelevar starta hausten 1998. 

Kontakt

Halbrend skule
E-post
Telefon 57 82 87 40

Om du skal sende personopplysningar send dei på eDialog

Adresse

Besøksadresse:
Liavegen 35
6814 Førde

Postadresse:
Halbrend skule
Postboks 338
6802 Førde