Medverknad frå elevar og foreldreSamarbeid er ein av kjerneverdiane til Halbrend skule. Vi ønskjer ein tett og god dialog mellom heim og skule. Det er derfor viktig for oss at dei ulike råd og utval for skulen har jamnleg møte. Elevrådet på Halbrend skule Leiar i elevrådet: Elias Risøy Medlemar i Foreldreutvalet (FAU) på Halbrend skule Leiar i FAU: Ingeborg Johanna Sunde Møtereferat frå Foreldreutvalet (FAU) Referat frå møte i FAU 16. februar 2023 (PPTX, 3 MB) Referat frå møte i FAU 11. januar 2023 (PPTX, 3 MB) Referat frå møte i FAU 31. oktober 2022 (PPTX, 3 MB) Referat frå møte i FAU 29. september 2022 (PPTX, 3 MB) Referat frå møte i FAU 6. april 2022 (PDF, 462 kB) Referat frå møte i FAU 2. november 2021 (PDF, 150 kB) Referat frå møte i FAU 27. september 2021 (PDF, 131 kB) Møtereferat frå Samarbeidsutvalet (SU) Referat frå møte i SU 22.mars 2022 (PDF, 231 kB) Sunnfjord Kommunale Foreldreutval (KFU) Leiar Roger Eide, FAU Slåtten skule, e-post: eideroger1@gmail.com, telefon: 95 25 01 29 Nestleiar Steinar Kleppe, FAU Naustdal skule, e-post: steinar_kleppe@hotmail.com, telefon: 98 81 13 24 Sekretær Marit Solveig Nedrebø, FAU Sande skule, e-post: msol-bj@online.no, telefon: 95 15 43 45 Møtereferat frå KFU Referat frå møte i Sunnfjord KFU 15.01 2020 (PDF, 395 kB) Møtereferat frå FAU og Elevrådet, for tidlegare skuleår Sjå her for referat frå tidlegare skuleår Om dei formelle samarbeidsorgana Elevråd For kvar grunnskule er det for årstrinna 5.-7. og for 8.-10. trinn eit elevråd med representantar for elevane. Eit medlem av undervisningsperonale på skulen har som oppgåve å hjelpe elevrådet i arbeidet. Denne elevrådskontakten har møte- og talerett i elevrådet. Elevådet skal fremje fellesinteressene til elevane på skulen og arbeide for å skape eit godt lærings- og skulemiljø. Rådet skal også kunne uttale seg i, og kome med forslag i saker som gjeld elevane sitt nærmijlø. Elevråd i grunnskulen er heimla i opplæringslova § 11-2. Foreldreutval (FAU) På kvar grunnskule er det eit foreldreråd der alle foreldre som har barn i skulen er medlemmar. Dette er heimla i opplæringslova § 11-4. Foreldrerådet vel eit arbeidsutvalg, som er meir kjent som FAU. Foreldrerådet og FAU skal fremje fellesinteressene til foreldrene og medverke til at elevar og foreldre tar aktivt del i arbeidet for å skape godt skulemiljø. Det skal også arbeide for å skape godt samhald mellom heim og skule, legge til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevene og skape kontakt mellom skulen og lokalsamfunnet. Samarbeidsutval (SU) Samarbeidsutval Ved kvar grunnskule er det eit samarbeidsutval. I samarbeidsutvalet er elevane, dei føresette, undervisningspersonalet, andre tilsette og representantar frå kommunen representerte. Rektor skal vere den eine representanten frå kommunen, og den andre er ein politisk vald person. Dette er regulert av opplæringslova § 11-1. Samarbeidsutvalet er skulen sitt øvste organ, og det har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen. Rektor har ansvar for å legge til rette for at rådet vert konstituert. Skulemiljøutval (SMU) Ved kvar grunnskule er det eit skulemiljøutval. I skulemiljøutvalet er elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skuleleiinga og kommunen representert. Dette er regulert av opplæringslova § 11-1a. Opplæringslova fastset at elevane skal vere engasjerte i planlegging og gjennomføring av det systematiske arbeidet for helse, miljø og sikkerheit ved skulen. Skulen skal legge oppgåver til rette for elevane etter kva som er naturleg for dei enkelte årstrinna. Alle elevar i grunnskulen har rett på eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Meir om dette kan du lese om i opplæringslova § 9a. Foreldreutvalet for grunnskulen (FUG) Foreldreutvalet for grunnskulen (FUG) er eit nasjonalt utval for og med barn i grunnskulen. FUG er eit rådgivande organ for Kunnskapsdepartementet i saker som omhandlar samarbeidet mellom heim og skule. FUG driv utadretta aktivitet overfor foreldre med barn i grunnskulen og ivaretar foreldrene sine interesser i skulesamanheng. FUG ble oppretta i 1976 og er heimla i opplæringslova § 11-9. Lover og regler Opplæringslova Rettleiar til opplæringslova § 9a Publisert 29.01.2019 13.31