Einaste reine ungdomsskulen i byen
Førde ungdomsskule er ein fire-parallellars ungdomsskule med ca. 300 elevar. Elevane kjem frå to barneskular og blir plassert i heilt nye klassar.
"Læring i tryggleik og trivsel" er skulen sin visjon. Med det ynskjer vi å få fram at gode læringsprosessar er avhengig av at elevane kjenner seg trygge i skulemiljøet og at dei trivst på skulen.
Niårig ungdomsskule kom i gang i Førde i 1971. Då obligatorisk ungdomsskule skulle innførast på 1960-talet, gjorde skuledirektøren i Sogn og Fjordane, Halgeir Furnes, framlegg om ei rad sentralskular som skulle dekkje fleire kommunar. Ungdomsskulen i Førde vart bygd like ved Førde barneskule på Skei i 1971.
Førde ungdomskule (FUSK) vart bygd i 1971, og påbygd 1989. Det går ca 300 elevar på skulen, i tillegg til 42 tilsette. Skulen tek imot 8.-10. klasse-elevar frå Førde barneskule og Slåtten skule.