Om Førde ungdomsskule

Førde ungdomsskule ligg vakkert til nær sentrum, og er næraste nabo til kulturhuset Førdehuset.

Einaste reine ungdomsskulen i byen

Førde ungdomsskule er ein fire-parallellars ungdomsskule med ca. 300 elevar. Elevane kjem frå to barneskular og blir plassert i heilt nye klassar.

"Læring i tryggleik og trivsel" er skulen sin visjon. Med det ynskjer vi å få fram at gode læringsprosessar er avhengig av at elevane kjenner seg trygge i skulemiljøet og at dei trivst på skulen.

Niårig ungdomsskule kom i gang i Førde i 1971. Då obligatorisk ungdomsskule skulle innførast på 1960-talet, gjorde skuledirektøren i Sogn og Fjordane, Halgeir Furnes, framlegg om ei rad sentralskular som skulle dekkje fleire kommunar. Ungdomsskulen i Førde vart bygd like ved Førde barneskule på Skei i 1971.
Førde ungdomskule (FUSK) vart påbygd 1989.  Skulen tek imot elevar frå Førde barneskule og Slåtten skule.

Kontakt

Førde ungdomsskule
Telefon 57 72 19 70

Om du skal sende personopplysningar elektronisk bruk eDialog

Adresse

Besøksadresse:
Kyrkjevegen 30 A
6800 Førde

Postadresse:
Førde ungdomsskule
Postboks 338
6802 Førde