Tilbod for elevar som ikkje skal delta i skulegudsteneste

For elevar som ikkje skal eller kan delta i gudstenestene til jul og påske, legg Førde barneskule til rette for eit anna tilbod. Tilbodet skal vere eit pedagogisk opplegg der elevane lærer om kultur og tradisjonar i Noreg. 

Det er elevar med fritak som får dette tilbodet. Elevane blir delt inn i to grupper. 

Gruppeinndelinga blir slik: 

  • Elevar frå 1.-3. steg  
  • Elevar frå 4.-7. steg  

 

Informasjon om innhaldet:  

Begge gruppene skal ha opplegg som handlar om jul og påske, med fokus på ikkje-religiøse påske- og juletradisjonar i Noreg. Døme er julenissen, juletreet, juletrepynt, påskemysterie og påskeegg.  

Dette opplegget er utforma for å vere ein inkluderande aktivitet med fokus på fellesskap, verdiar og tradisjonar utan religiøst innhald. Lærarane vil tilpasse opplegget til dei ulike gruppene.