Skulestart 2026.
Vi gler oss til å ta i mot nye førsteklassingar hausten 2026! Flatene skule er dessverre vedteken nedlagt, og overføringa frå barnehagane til skulen blir i år annleis enn tidlegare år. Det er planlagt at oppstarten skal skje på nye Halbrend barneskule i august 2026, men denne skulen er inneverande skuleår nytta som skule for 6. til 10. trinn. Før oppstart i haust, skal det gjennomførast eit større arbeid ved uteområdet, slik at det blir tilpassa betre til aldersgruppa. Skulebygga skal også utbetrast noko, men utan store fysiske endringar. Vi ser difor for oss at besøksdagar, førskuledag og informasjonsmøte vil gå føre seg på Flatene skule, ettersom lite vil vere klart på nye Halbrend barneskule våren 2026
Informasjonsmøte før skulestart
Torsdag 26. mars klokka 18.00 inviterer vi til informasjonsmøte for føresette som har born som byrjar i 1. klasse hausten 2026. Der vil det vere informasjon om skulen, SFO, skulehelsetenesta, skulestart og rutinane kring søknad om SFO-plass. Invitasjon til dette møtet vert sendt ut per post til alle i løpet av februar.
Førskuledagen
Torsdag 4. juni inviterer vi til førskuledag.
Programmet for dagen vert slik:
09.30–09.45: Oppmøte og opprop utanfor mediateket (ved den store grana).
09.45–10.30: Bli kjend med gruppa og kontaktlærar
10.30–11.00: Fadrane kjem på besøk og vi leikar ute.
11.00–11.30: Avslutning av dagen i gruppa.
Denne dagen får de møte kontaktlæraren og fadrane, og vi gler oss til å bli kjende med elevane og dykk som føresette. Vi legg ikkje opp til noko matøkt denne dagen.
Klasseinndeling
Hovudlinja for deling har tidlegare vore geografi, men vi ønskjer òg ei jamn fordeling av gutar og jenter i klassen. Til no er det registrert 45 nye førsteklassingar med oppstart i august 2026, men erfaring tilseier at fleire vil kome til. Det vil bli lagt opp til to førsteklassar hausten 2026: 1A og 1B. Meir informasjon om klasseinndelinga vil bli presentert på foreldremøtet torsdag 27. mars.
Første skuledag
Måndag 17. august byrjar vi klokka 10.00 ute på skuleplassen. Då vil elevane bli ropt opp klassevis og gå til klasseromma sine saman med kontaktlærar. Hugs å ta med matpakke og drikke til matpausen, uteklede til friminutt og innesko.
Føresette kan vere i klasserommet i lag med oss i starten på dagen, eller lenger om du treng det. Rundt klokka 11.00 blir det eit kort informasjonsmøte frå SFO til føresette. Skuledagen er slutt klokka 13.30.
Kontaktinformasjon føresette
Kvar enkelt føresett må logge seg inn i det skuleadministrative systemet Visma Flyt Skole, og legge inn namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse. Du loggar deg inn med ID-porten (t.d. Bank-ID).
Logg inn i Visma Flyt Skole
Vi ser fram til å treffe våre nye 1.klassingar og føresette. Vi ber om at de raskt tar kontakt med skulen om det skulle vere noko de lurer på.
Aktuelle skjema ved skulestart: