Sunnfjord kommune

Om Flatene skule

Om Flatene skule

Informasjon om skulen

Før skulen vart bygd var det eit lite småbruk på Flatene drive av Herleif og Ingrid Skilbrei. Flatene skule stod ferdig til skulestart i 1997. 1997 var året 6-åringane tok til i skulen- og grunnskulen vart 10-årig. Flatene skule er ein 1-4 skule. Bygningane er funksjonelle med gode garderobar og rom løysingar. Skulen inneheld separate undervisningsbygg for kvart trinn som også inneheld SFO-base. Klasseromma er organisert rundt SFO-basen, noko som gir fleksibel bruk og gode overgangar for elevane. Dei fire husa har fargenamn. I tillegg kjem administrasjonsbygget, mediateket og gymsalen. Med ei slik organisering vert det fire små skular i den store, noko som er med på å lage eit meir oversiktleg og trygt miljø for elevane. Vi er stolt av skulen vår som ligg flott til i nærleik til natur og sentrum.

Skulen ligg på Ytre Hafstad. Frå sentrum køyrer du i retning Bergen. Ved første avkøyrsle etter rundkøyringa (med avkøyringsfil) tek du til venstre. Hald til venstre og køyr langs elva til du kjem opp på flata. Der ser du skulen.