Om Flatene skule

Informasjon om skulen

Før skulen vart bygd var det eit lite småbruk på Flatene drive av Herleif og Ingrid Skilbrei. Flatene skule stod ferdig til skulestart i 1997. 1997 var året 6-åringane tok til i skulen- og grunnskulen vart 10-årig. Flatene skule er ein 1-5 skule. Bygningane er funksjonelle med gode garderobar og rom løysingar. Skulen inneheld separate undervisningsbygg for kvart trinn som også inneheld SFO-base. Klasseromma er organisert rundt SFO-basen, noko som gir fleksibel bruk og gode overgangar for elevane. Dei fire husa har fargenamn. I tillegg kjem administrasjonsbygget, mediateket og gymsalen. Med ei slik organisering vert det fire små skular i den store, noko som er med på å lage eit meir oversiktleg og trygt miljø for elevane. Vi er stolt av skulen vår som ligg flott til i nærleik til natur og sentrum.

Skulen ligg på Ytre Hafstad. Frå sentrum køyrer du i retning Bergen. Ved første avkøyrsle etter rundkøyringa (med avkøyringsfil) tek du til venstre. Hald til venstre og køyr langs elva til du kjem opp på flata. Der ser du skulen.