Om arbeidet

På bestilling frå formannskapet skulle kommuneadministrasjonen utarbeide eit kunnskapsgrunnlag som synte korleis skulesektoren er drifta i dag, og korleis den demografiske utviklinga i kommunen ufordrar denne drifta.  Vidare er det gjort vedtak om at skulesektroen skal ta ned drifta med 70 millionar kroner i 2013. Noko av dette vil ein ta inn ved redusert elevtal. Det resterande kravet må løysast med andre tiltak.  Arbeidet er organisert i eit prosjekt med tittelen Kvalitet og kapasitet i Sunnfjordskulen.

Sunnfjordskulen leverer i dag ei teneste av høg kvalitet. Ei rekke kvalitetsindikatorar stadfestar dette. Elevane melder om høg trivsel, og lite mobbing på elevundersøkingar, og leverer gode faglege resultat. Vi har ein høg del elevar som fullfører vidaregåande opplæring, som kanskje er den viktigaste indikatoren. Med utgangspunkt i 19 nøkkeltal i sektoren Grunnskule landar kommunen på 42. plass på kommunebarometeret for 2022.  Sunnfjordskulen er med andre ord ein god skule.

Folketalframskrivingane til kommunen syner ein nedgang i tal elevar, og ein auke i tal eldre. Dette betyr at kommunen må omstille seg for å møte eit endra tenestebehov i kommunen. Det blir då viktig å sjå på kva grep ein kan gjere for å sikre den gode kvaliteten vi har i skulen, med endra vilkår som følge av demografiutviklinga.

Administrasjonen har lagt fram eit kunnskapsgrunnlag som er ei grundig analyse av sektoren. I dette grunnlaget har vi mellom fått innspel frå tilsette og foreldre frå alle skulane i kommunen. 

Kunnskapsgrunnlaget finn du her

Formannskapet har vidare bedt om å få lagt fram ei sak med tiltak for å nå innsparing- og omstillingmåla som er satt for sektoren.  Tiltaka skal vere utgreidd etter følgande prinsipp:

  1. Ressursfordeling tilpassa utvikling i elevtalet
  2. Sentralisering av ungdomsskular og desentraliserte barneskular
  3. Fokus på skulestruktur i Førde sentrum


Faglege og sosiale tilhøve må bli vurdert særskilt ved alle strukturtiltaka.