Skuleskyss

Elevane kan ha rett til skuleskyss på ulike grunnlag. 

Kven kan få tilbodet om gratis skuleskyss?

1. Avstanden mellom heim og skule

  • elevar på 1. årstrinn som bur meir enn 2 km frå skulen
  • elevar på 2. til 10. årstrinn som bur meir enn 4 km frå skulen

2. Funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom

  • elevar som på grunn av funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom har behov for skyss. Dei har òg rett til skyss til og frå SFO, men ikkje i skuleferiane. 

3. Andre grunnlag

  • elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg
  • elevar som bur i to heimar kan ha rett til skyss til begge foreldra sine adresser.

Slik søker du om skuleskyss

Fylkeskommunen ved Skyss organiserer ordinær skuleskyss. Alle førsteklassingar får informasjon om dette i oppstartsmøte før skulestart. Ta kontakt med skulen din om du ynskjer å søke om skyss. 

Eleven får eit skuleskysskort

  • Har eleven rett på skuleskyss får han/ho utdelt eit skuleskysskort i første skuleveka. Kortet er personleg med namn og kortnummer, og eleven kan ikkje låne det ut til andre. Kortet skal brukast alle åra eleven har rett til gratis skuleskyss.  
  • Det ligg to turar i kortet kvar dag, inkludert overgang. Dersom turane er brukt opp, må eleven betale reisa sjølv.
  • Skuleskysskortet kan ikkje nyttast ved turar i skuletida, til utplassering, på fridagar eller i feriar.
  • Dersom eleven mister kortet eller øydelegg det, må de ta kontakt med skulen. I påvente av nytt kort, vil eleven få låne eit reservekort. Reservekortet skal leverast attende til skulen. For elevar frå 5. årstrinn og oppover som mister skysskortet, må kostnadane med nytt kort på 100 kroner dekkast av eleven.

Særskild skyss

  • Elevar som ikkje kan nytte buss kan få godkjend særskild skyssordning. Det må ligge føre ein legeattest eller sakkyndig uttale om kva slags transport eleven treng.
  • Føresette kan mot førehandsgodkjenning transportere eigne barn mot kilometergodtgjersle, eller det kan bli sett opp drosje.

All elevskyss blir vurdert som offentleg transport og dermed samordna. Det kan føre til ventetid og/eller ekstra reisetid for elevane.

Skulen hjelper deg å søke om særskild skyss.

Særleg farleg eller vanskeleg skuleveg 

Elevar kan få skyss grunna særleg farleg eller vanskeleg skuleveg. Det er kommunen som gjer vedtak om slik skyss.

Søk om skuleskyss grunna farleg skuleveg

Søknaden vert vurdert med utgangspunkt i  Retningsliner for vurdering av særleg farleg eller vanskeleg skuleveg i Sunnfjord kommune 2021-2024 (PDF, 867 kB)

Det er nokre strekningar som er vedteke som farleg eller særleg vanskeleg. Oversikta over strekningane finn du her. (PDF, 269 kB)

Har du spørsmål?

Ta kontakt med skulen din om du har spørsmål om skysstilbodet. 

Kan du klage på skysstilbodet?

Klage på ordinær skuleskyss skal rettast til Fylkeskommunen v/ Skyss.

Nyttige lenker:

Reglement og skjema for ordinær skuleskyss

Meir om skuleskyss